HjemNyheterBudsjettframlegg 2020 - Økonomiplan 2020-2023

Budsjettframlegg 2020 - Økonomiplan 2020-2023

Formannskapet i Austrheim hadde torsdag 21. november oppe budsjettet for 2020 og økonomiplanen for perioden 2020-2023. Desse skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak torsdag den 12. desember.

I tida fram til det har alle høve til å komma med innspel. Mange har alt sendt innspel, og ein del av var også med til formannskapet før deira handsaming. 

Om du vil senda eit innspel til budsjettet kan du senda ein e-post til post@austrheim.kommune.no. 

Rådmannens budsjettframlegg vart samrøystes vedteke i formannskapet, med eit tillegg som er nemnt under. Ordførar Per Lerøy (Ap) presiserte elles at ein kan komma tilbake til summar og verbalpunkt når budsjettsaka skal opp i kommunestyret.

Budsjettframlegget finn du her. (Dette dokumentet er frå etter handsaminga i formannskapet)

Tekstforklaringa til budsjettet finn du her.

I tillegg var det eit samla formannskap som vedtok eit tillegg, som går inn som verbalpunkt nummer 12 i budsjettvedtaket som er sendt vidare til kommunestyret. Tillegget var eit framlegg frå Ap/H, og har slik tekst: 

Kommunestyret ber om at rådmannen gjer følgjande utgreiingar i 2020:

Kostnadar og faglege effektar av å samla ungdomstrinnet på ein av skulane i kommunen. Her må både investeringskostnadar og driftskostnadar gjerast greie for og det må leggjast fram ein realistisk framdriftsplan.

Kostnadar og faglege effektar av å samla mellomtrinnet på ein av skulane i kommunen. Her må både investeringskostnadar og driftskostnadar gjerast greie for og det må leggjast fram ein realistisk framdriftsplan.

Kommunestyret ber om klare råd om korleis skulestrukturen i kommunen skal vera i framtida. Målet må vera at ein kan få på plass ein ny skulestruktur frå skuleåret 2021/2022.

Kommunestyret ber også rådmannen om å starta drøftingar med Alver kommune om godtgjersle for elevar frå Åsheim-krinsen som går på Kaland barne- og ungdomsskule.

 

KrF hadde eit framlegg om innføring av eigedomsskatt. Dette fekk støtte av to (Helge Dyrkolbotn, KrF, og Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn, Sp), og fall. Teksten var slik:

Framlegg frå Austrheim KrF
Sak 115/19 Budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023

Austrheim kommune innfører eigedomsskatt frå og med år 2020 til og med 2023
Dette vil gje fylgande auke i frie disponible inntekter (ca tal):
2020: 2 millionar
2021: 4 millionar
2022: 6 millionar
2023: 8 millionar
totalt: 20 millionar

Dei ekstra inntektene vert fordelt slik for 2020:
Kulturmidlar/anna kultur 200.000
Skyss til Aufera 400.000
Kulturskulen 250.000
Austrheim sokn 300.000
Auka ressurser oppvekstsektoren 500.000
Ungdomsrådet 50.000
Disp.fond 350.000

I formannskapet 21. november var det dei fem faste medlemmene som møtte (ingen vara). Desse faste fem er ordførar Per Lerøy (Ap), varaordførar Inger Lise Brekke (H), medlem Morten Sognnes (H), medlem Helge Dyrkolbotn (KrF), og medlem Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn (Sp). 

Innspela som var med til formannskapet finn du på kommunen si heimeside

Kommunestyret 12. desember er på Austrheim samfunnshus.
Møtet startar klokka 15.00.


Sist oppdatert: 03.12.2019
Publisert: 27.11.2019