Budsjett 2023 er lagt ut på høyring

Framlegget til årsbudsjett for 2023 og økonomiplan for 2023-2026 er lagt ut på høyring av formannskapet, etter vedtak i møtet torsdag 3. november.

Budsjett og økonomiplan er tilgjengeleg digitalt gjennom Framsikt-løysinga. Dette er ei digital presentasjonsløysing som kommunen no brukar for oppsett og presentasjon av budsjett, årsmelding med meir.

Du finn framlegget ved å klikka på lenkja: Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 (lenkja tar deg vidare til Framsikt.net)

Der kan du finna hovudtala for kvar sektor, og ved å gå inn på den enkelte sektoren kan du finna tal på detaljnivå for den enkelte sektor.

Om du vil ha sjølve vedtaksframlegget så finn du det her: Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak, lenkje til sakspapira på kommunen sine heimesider

Formannskapet har sett høyringsfristen til fredag 25. november klokka 12.00.

Innspel til budsjettframlegget:

Viktige datoar i budsjettarbeidet er:

  • Torsdag 3. november: Formannskapet la årsbudsjett for 2023, og økonomiplan for 2023-26, ut på høyring.
  • Fredag 25. november klokka 12.00: Høyringsfrist for innspel, du gjev innspel via lenkja: Høyringsuttale til Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026
  • Måndag 5. desember: Formannskapet har møte kl. 10 på samfunnshuset, og vil i møtet ta stilling til innspela.
  • Torsdag 15. desember: Kommunestyret sitt budsjettmøte, der det blir gjort endeleg vedtak om budsjett og økonomiplan.

Opne møte og streaming

Dei politiske møta er opne, slik at det er høve til å høyra debatten både i formannskapet måndag 5. desember (klokka 10.00 på samfunnshuset), og kommunestyret torsdag 15. desember (klokka 15.00 på samfunnshuset).

I tillegg blir dei politiske møta i formannskap og kommunestyret streama, og du kan sjå møta direkte og i opptak på denne lenka https://austrheim.kommunetv.no/

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 03.11.2022