HjemNyheterBudsjett 2022 lagt ut på høyring

Budsjett 2022 lagt ut på høyring

Framlegget til årsbudsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025 er lagt ut på høyring av formannskapet, etter vedtak i møtet torsdag 4. november. Budsjett og økonomiplan er tilgjengeleg digitalt gjennom Framsikt-løysinga. Dette er ei digital presentasjonsløysing som kommunen no brukar for oppsett og presentasjon av budsjett, årsmelding med meir.

Du finn framlegget ved å klikka på lenkja: Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 (lenkja tar deg vidare til Framsikt.net)

Der kan du finna hovudtala for kvar sektor, og ved å gå inn på den enkelte sektoren kan du finna tal på detaljnivå for den enkelte sektor.

Om du vil ha sjølve vedtaksframlegget så finn du det her: Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak, lenkje til Framsikt.net

Formannskapet har sett høyringsfristen til onsdag 24. november, dette er for at dei skal få orientering om innspela i det møtet som er planlagt torsdag 25. november. Høyringsfristen er endra frå 2. desember som tidlegare var planlagt.

Innspel til budsjett leverer du gjennom dette skjemaet: Høyringsuttale til Budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025

Du kan også levera innspel på papir til Servicekontoret, eller senda det på e-post til post@austrheim.kommune.no

Viktige datoar i budsjettarbeidet er:

4. november: Formannskapet legg årsbudsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-25 ut på høyring.

24. november: Høyringsfrist for innspel, via lenkja: Uttale budsjett 2022 og økonomiplan 2022-25.

25. november: Formannskapet har møte kl. 10 på samfunnshuset, og vil i møtet ta stilling til innspela.

16. desember: Kommunestyret sitt budsjettmøte, der det blir gjort endeleg vedtak om budsjett og økonomiplan.

Alle gebyr og betalingssatsar for alt frå byggesak til SFO-sats skal for 2022 settast opp i ei felles sak. Den saka er ikkje klar enno, men kjem til formannskapet 25. november. Det kjem lenkje her når saka er klar.

Dei politiske møta er opne, slik at det er høve til å høyra debatten både i formannskapet torsdag 25. november (klokka 10.00 på samfunnshuset), og kommunestyret torsdag 16. desember (klokka 15.00 på samfunnshuset).

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 10.11.2021
Publisert: 04.11.2021