HjemNyheterBrøytar tidlegare enn før

Brøytar tidlegare enn før

Austrheim kommune har avtale med private entreprenørar som har beredskap og utfører brøytearbeid. I tillegg er kommunen sine eigne folk ute og brøytar i enkelte tilfelle.

Erfaringa etter snøen som kom tidlegare i januar, er at det kom mykje snø medan brøytearbeidet pågjekk. Difor blei det langt over brøytegrensa med snø enkelte stader, medan det innleigde mannskapet var i sving med brøytinga andre stader. 

Kommunen har no endra planane for brøyting, etter dialog med dei som utfører arbeidet, og det blir no starta brøytearbeid på mindre snømengder enn tidlegare. No skal det ikkje rekka å bygga seg opp så mykje snø på den siste biten som skal brøytast, før traktorane rekk dit.

Kostnaden med å starta brøyting på mindre snømengder treng ikkje bli så stor, sidan dette sannsynlegvis vil redusera behovet for salting og strøing. Tidlegare har snøen enkelte stader blitt kjørt ned og pakka før strekket blei brøyta, slik at det laga seg eit islag som seinare krov meir strøing og salting. Om ein raskare ute med brøyteskjeret, kan dette med islag bli eit mindre problem.

På denne sida kan du lesa meir om kriteria som no er avtala for brøyting, og du kan sjå om det er fylkes- eller kommuneveg (klikk her).


Sist oppdatert: 30.01.2021
Publisert: 30.01.2021