HeimNyheterBli med på verdas viktigaste jobb!

Bli med på verdas viktigaste jobb!

Stemmestyra er dei valmedarbeidarane som organiserer og styrer stemmemottak i dei to vallokala våre, Kaland skule og Austrheimhallen, på valdagen måndag 13. september.

Heldigvis er det mange flinke folk som er med vidare frå tidlegare val, men kommunen treng å rekruttera fleire. Ei god og korrekt avvikling av val er den viktigaste jobben me gjer, og me håpar at fleire vil vera med på denne.

Det blir gitt opplæring i forkant av valdagen, slik at alle som er med i stemmestyra skal kjenna seg trygge på kva jobben deira er. Det blir også betalt godtgjering for innsatsen, men som mykje anna kommunal betaling er den ikkje så kolossal at det bør vera einaste motivasjon.

I tillegg til opplæringskveld og valdagen, kan det vera behov for hjelp i perioden med førehandsstemming, frå 10. august og til og med fredagen før valdagen. Dette er ein jobb som vanlegvis vert løyst av dei fast tilsette, men avhengig av smittesituasjonen kan det bli behov for hjelp også der.

Om det blir aktuelt å engasjera medlemmer frå stemmestyra til arbeid med førehandsstemming, vil det skje etter eigen avtale og på eigne vilkår, slik at dei som melder seg no ikkje forpliktar seg til å delta i anna enn opplæring i forkant av, og arbeid på valdagen.

For å melda deg til innsats sender du ein e-post til post@austrheim.kommune.no innan 20. mai, med

  • Namn
  • Adresse
  • Mobiltelefon
  • Fødselsdato
  • E-postadresse.

Du må ha stemmerett for å vera med i stemmestyret, det inneber at du må vera 18 år gammal, eller fylla 18 år i løpet av 2021.

For Stortings- og sametingsvalet i 2021 har regjeringa innført eit unntak slik at ein ikkje treng å bu kommunen for å vera medlem i stemmestyret (klikk på lenka for å lesa meir). Det betyr at ein kan bu i Alver eller liknande, men likevel vera med i stemmestyre her i Austrheim.

Personar som står som listekandidatar ved dette valet i 2021, kan ikkje vera medlem i stemmestyret.

Velkommen!


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 03.05.2021