HeimNyheterBli med på TV-aksjonen 2021!

Bli med på TV-aksjonen 2021!

«Barn, ikkje brud» er namnet på den TV-sendte aksjonen, der midlane særleg skal hjelpa på situasjonen i landa Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Plan jobbar for at jenter skal få skulegang, og at barn, unge og eldre får opplæring i jenters rettar og i likestilling. I verda i dag vert ei jente gifta vekk kvart tredje sekund, Plan jobbar for eit lovverk som hindrar at unge jenter vert gifta vekk.

Du kan hjelpa ved å støtta TV-aksjonen gjennom bøsseinnsamling, over Vipps eller til konto, eller aller viktigast ved å delta som bøsseberar på innsamlingsdagen. Kan du vera med på innsamlinga som bøsseberar søndag den 24. oktober, så melder du deg til Rigmor Ludvigsen på telefon 456 35 324, på e-post rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no, eller så registrerer du deg på nettet på adressa www.blimed.no


Sist oppdatert: 27.09.2021
Publisert: 27.09.2021