HjemNyheterBli med på bilrebus 17. mai!

Bli med på bilrebus 17. mai!

Bilrebusen startar ved Austrheimhallen, og tek deltakarane med rundt omkring på Austrheim gjennom ulike postar. For å ivareta helsemyndighetene sine smittevernreglar, skal alle postane løysast medan ein er i bilen.

Når postane er gjennomførte, køyrer ein attende til hallen og får ein link der ein leverer svara digitalt. Vinnarar vert publiserte på kommunen si heimeside.

Det kostar 200 kroner pr. bil å vere med. Alle som skal delta på bilrebusen må melde seg på innan fredag 15. mai kl. 16.00. Dette gjer ein ved å vippse 200 kroner til 557858 (FAU Årås skule).

Ved stor pågang, vil me ha to oppstartstidspunkt. Føl med på Facebook og heimesida til kommunen for fortløpande informasjon.

Me lovar eit variert rebusløp som passar heile familien, heiter det i meldinga frå arrangørane, som altså er 6. klasse ved Årås skule.


Sist oppdatert: 13.05.2020
Publisert: 13.05.2020