HjemNyheterBli med i Tiriltunge barnekor

Bli med i Tiriltunge barnekor

Frå 2020 er det endringar i øvingstidspunktet. Koret skal no øva kvar tysdag frå kl. 14.30 – 15.45. Skuleborn på Årås kan gå rett frå skulen til Seniorsenteret.

Når det gjeld born frå Kaland skule, må det diskuterast korleis ein løyser transporten, men ikkje la det verta ei hindring for born som ynskjer å syngja i barnekoret. Me har som mål å læra born og unge å syngja i kor, og fremja songgleda. 

Nytt prosjekt i 2020:

Tiriltunge barnekor skal setja opp ei juleframsyning i november 2020. Dette vert ein musikal med song og skodespel.

Søknad om opptak til kora skjer på mail til:  steinar.ebbesvik@austrheim.kommune.no

• Søknadsfristen er 31. januar 2020.

I søknaden må du ta med:
Namn på barnet, fødselsdato, klassetrinn og skule.
Namn til mor og far, fullstendig postadresse,  mailadresser og tlf. nummer til begge foreldra.


Sist oppdatert: 20.01.2020
Publisert: 20.01.2020