HjemNyheterBjørnar Fjellhaug tilsett som kommunedirektør

Bjørnar Fjellhaug tilsett som kommunedirektør

Fjellhaug går dermed fast over frå stillinga som kommunalsjef oppvekst og kultur, der han tok til 10. februar 2020, til å bli den øvste administrative leiaren i Austrheim kommune.

Fjellhaug (42) har vore konstituert som kommunedirektør etter at Liv Løvvik gjekk bort i februar 2021.

Tittelen for den øvste administrative leiaren blei frå 21. mai 2021 endra frå rådmann til kommunedirektør, etter vedtak i kommunestyret.

Tilsettingsprosessen er handtert av eit utvida tilsetjingsutval. Medlemmene i tilsetjingsutvalet er ordførar Per Lerøy (Ap), varaordførar Inger Lise Brekke (H) og leiar for det største opposisjonspartiet, Helge Dyrkolbotn (KrF). Denne gongen har dei hatt med seg dei tillitsvalde Janina Fenne (Fagforbundet) og Monika Soltveit Gabrielli (Utdanningsforbundet).

I tillegg er det henta inn ekstern støtte frå rekrutteringsfirmaet Mercuri Urval. Det kom inn i alt seksten søknader til jobben som kommunedirektør.
Etter fleire rundar med intervju var det eit samla tilsetjingsutval som gjekk inn for Fjellhaug, med støtte frå resten av formannskapet, og no altså frå eit samla kommunestyre. Fjellhaug har takka ja til jobben.

- Eg er beæra og stolt over å få jobben, men også audmjuk for dei oppgåvene som ligg framfor oss, sa Bjørnar Fjellhaug etter vedtaket i kommunestyret.


Han viste til at kommunen no er på veg ut av Robek-lista, men at det kjem utfordringar med demografien der Austrheim får ein større del eldre som vil trenga eit større tilbod enn i dag.

- No gler eg meg til å jobba saman med den flotte gjengen som er i Austrheim kommune.


Sist oppdatert: 24.06.2021
Publisert: 24.06.2021