Betaler du e-faktura for andre?
Det er gjort ei endring i økonomisystemet slik at dei som tidlegare har fått tilsendt e-faktura som har blitt betalt på vegner av andre, ikkje vil få denne tilsendt lengre. Rekninga vil i staden gå til den personen som rekninga er stila til.
Publisert:
11.04.2024
Sist endra:
22.07.2024
Ønskjer du igjen å få tilsendt rekningar som du skal betala, på vegner av andre, må du ta kontakt med banken din for å undersøka korleis dette kan gjerast.
Ver samstundes merksam på at den som rekninga er stila til, kan ha fått denne tilsendt i sin digitale postkasse, og at vedkommande kanskje ikkje er klar over at det ligg ei rekning der til betaling.