HeimNyheterRegistrering av alle gjester på kommunehuset

Registrering av alle gjester på kommunehuset

I samband med den siste utviklinga av smittesituasjonen for Korona/Covid – 19, og slik at kommunen kan vera førebudd til eventuell smittesporing, registrerer me no alle besøkande til kommunehuset. 

Dette inneber at me noterer namn og telefonnummer for alle gjester, og kven dei har vore i møte med. Dette gjer det mogleg å kartlegga kven som kan ha vore i kontakt med personar på kommunehuset, dersom det skulle komma tilfelle av smitte her hjå oss.

Opplysningane vert sletta etter 10 dagar.


Sist oppdatert: 17.08.2020
Publisert: 17.08.2020