HeimNyheterBer om strengare Korona-tiltak

Ber om strengare Korona-tiltak

Den nasjonale reglar og råd som gjeld frå 3. desember kan du finna på heimesida til regjeringa, klikk her for å lesa dette (ekstern lenke):

Kommunane i inntaksområdet til Helse Bergen har saman med Statsforvaltaren i Vestland bedt om at desse kommunane (der Austrheim er inkludert), får råd og reglar som gjev ytterlegare innskjerping samanlikna med det som gjeld nasjonalt.

Det skal skje gjennom innføring av ei nasjonalt vedteken regional forskrift.

Denne vil sannsynlegvis verta vedteke i statsråd i dag fredag 3. desember, og vil så gjelda frå overgangen fredag/laurdag eller eventuelt tidleg laurdag.

Du vil finna meir informasjon om dette her på heimesida til kommunen når det er klart.

Her finn du Statsforvaltaren i Vestland si pressemelding om innføring av regional forskrift (ekstern lenke)

Her finn du brevet som Statsforvaltaren i Vestland i dag har sendt til Helsedirektoratet om innføring av regional forskrift (ekstern lenke)


Sist oppdatert: 03.12.2021
Publisert: 03.12.2021