HeimNyheterBarnehagane opnar att på måndag 20. april 2020

Barnehagane opnar att på måndag 20. april 2020

Det er vedteke at barnehagane skal opnast att frå måndag 20. april. I går 15. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i barnehagar, som også vil gjelda her i Austrheim når barnehagane opnar att.

Rettleiaren er tilgjengeleg på direktoratet sine nettsider og de kan lese alle tilrådingar og tiltak der. 

Teksten under her er den som kommunalsjef oppvekst og kultur, Bjørnar Fjellhaug, har gjort klart for utsending til foreldra:


Når vi på måndag tek i mot barnehageborna att, er det i trygge barnehagar i tråd med tilrådingane. Vi legg ut informasjon på heimesida og Facebooksida vår, der de kan sjå korleis vi gjer dette.

Vi ber om at de også hjelper til med å følgje hand- og hostehygienetiltaka heime også. Det er viktig at borna har vaska hendene før dei kjem i barnehagane. Vi vil den første tida ha noko redusert opningstid, for at borna skal få ei god tilbakevending i barnehagane. Den første veka frå måndag 20. april er opningstida sett til 08.00 til 15.30.

Vi vel inntil vidare ikkje å servere mat i barnehagane og ber difor om at borna har med eigen matpakke til alle måltid.

Det er viktig å seie at born med symptom på luftvegsinfeksjon, skal vere heime inntil 1 døgn etter at symptoma er borte. Born med symptom, vil verte sendt heim. Foreldre/føresette som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje levere eller hente born i barnehagane.

For barnehagebarn kan det vere særs vanskeleg å regulera avstand til andre, og då er det viktigaste tiltaket å avgrensa talet på nærkontaktar for kvart born og tilsette, til dømes gjennom å ha små grupper og faste tilsette for kvar gruppe. Dette vert kalla «kohortar», og i barnehagen vil dette vera det viktigaste utgangspunktet for å avgrensa smitte. Ein kohort må vera ei fast gruppe med born og tilsette, som vert blanda minst mogleg med andre grupper.

Her er ein del av punkta i rettleiaren:

- For å unngå for tett kontakt mellom kohortane, må det leggjast opp til auka bruk av uteaktivitetar, så langt dette er mogleg.

- Unngå trengsel på veg inn og ut av barnehagen, og på toalett.

- For å unngå fleire kohortar saman, kan leikeplassar delast inn i soner.

- Ha ulike tidspunkt for når barn i ulike grupper er ute, for å avgrensa talet på born som er ute samstundes.

- Kartleggja og planlegga ulike oppmøte- og hentetider, for å unngå trengsel i garderoben.

- Tilstreba at føresette ikkje blir med inn i barnehagen dersom det ikkje er naudsynt, men likevel slik at barnet sitt behov for tryggleik veg tyngst.

- Avgrensa bruk av offentleg transport til og frå barnehage.

- Born skal ikkje dela mat og drikke. Mat skal serverast porsjonsvis.

- Barna bør eta i sine kohortar.

- Ein skal avgrensa deling av materiell, og leikar skal ikkje delast mellom kohortar før leikane er reingjort.

- Leikar skal ikkje takast med heimefrå.

- Tilsette skal halda avstand til kollegaer i andre kohortar.

- Fysiske møte og pausar der fleire skal samlast skal avgrensast, og der det er mogleg skal ein nytta videokonferansar i staden for fysiske møte.

Austrheim kommune vil nytta den statlege rettleiaren i arbeidet vårt for at det skal opplevast trygt og godt både for born og foreldre/føresette at barnehagane no opnast att. Når opninga vart annonsert sette kommunen i gang førebuande arbeid som skal sikra både forsterka reinhald, godt smittevern og ekstra, daglege hygienetiltak.

Informasjon vil koma frå barnehagane om korleis dette no vert organisert frametter.

Velkomen attende til Austrheimsbarnehagen! Vi gler oss til å møta dykk att 😊

Utdanningsdirektoratet - Informasjon til barnehageforeldre

Slik sørgjer vi for trygge barnehagar - plakat

 


Sist oppdatert: 16.04.2020
Publisert: 16.04.2020