HjemNyheterReint vatn på badeplassane

Reint vatn på badeplassane

Årvikane

Miljøretta Helsevern har tatt prøvar av vatnet på fem badeplassar i Austrheim i juli, og alle prøvane har fått karakteren god.

Prøvane vart tekne 9. juli, og dei fem plassane som er kontrollerte er Finnsvågen/Austrheimvågen, Skjelvika, Solesjøen, Øksnes og Årvika/Fonnes. 

I alt vart det teke vassprøvar ved 59 badeplassar i Nordhordland og Gulen no i juli. Vasskvaliteten er god ved alle badeplassar, med unntak av Vågenes Camping på Radøy, som fekk karakteren mindre god.

Her i Austrheim er det berre til å hoppa i sjøen, men med tanke på temperaturen er det kanskje best å ikkje bada for lenge. Eller bruka våtdrakt, som denne gjengen i Årvika i 2018.


Sist oppdatert: 22.07.2019
Publisert: 22.07.2019