HeimNyheterAvtale med Nordhordland Taxi om pasienttransport

Avtale med Nordhordland Taxi om pasienttransport

I ein periode har det ikkje eksistert ein slik avtale for Austrheim, slik at den reisande sjølv har måtta legga ut for reisa og søka om refusjon, eller be om rekning for utført kjøring.

Men no har Helse Bergen inngått avtalar for nesten alle dei områda der dette har mangla. I Austrheim er det inngått avtale med Nordhordland Taxisentral, og forventa oppstart for avtalen er onsdag 24. februar.

For meir informasjon om ordninga sjå Helse Bergen si nettside om pasientreiser, klikk på linken her.


Sist oppdatert: 23.02.2021
Publisert: 23.02.2021