HjemNyheterAvgiftsamnesti for naust og bryggjer

Avgiftsamnesti for naust og bryggjer

Har du naust, sjøbu eller bryggje/marina som er knytt til offentleg vatn, utan at du betalar avgift? Meld frå innan utgangen av 2024, så slepp du betala tilknytingsavgift.
Publisert: 22.07.2024
Sist endra: 22.07.2024

Kommunestyret vedtok i sak 130 i 2023 desse prisane for vassavgifter for naust, sjøbu, bryggjer og marina;

«Tilknytningsavgift
Naust/sjøbu, 10% av prisen for bustad/hytte. Per i dag utgjer dette kr 2745,-
Bryggje/marina, kr 500,- per båtplass.

Årsavgift
Naust/sjøbu 10% av prisen for bustad/hytte under 90m2. Per i dag utgjer dette kr 437,-
For bryggje/marina. Kr 50,- per båtplass.

Bryggjeanlegg med meir enn 20 båtplassar skal ha vassmålar og betala avgift etter forbruk.»

Lovverket opnar for å krevja inn avgift med tre års tilbakeverkande kraft, rekna frå det tidspunktet kommunen vart kjent med forholdet. Dersom du ikkje har betalt avgift - eller er i tvil om du har betalt - kan du fram til 31.12.2024 melda frå til oss. Du slepp då betala tilknytingsavgift, men må betala årsavgift med verknad frå 2025.

I 2025 vil kommunen gå gjennom alle naust og bryggje-eigedomar. Dei som er tilknytt offentleg vatn utan å vera registrert, vil få krav om søknad, tilknytningsavgift og årsavgift med tilbakeverkande kraft.

Eit liknande amnesti for hus og hytter gav meir enn 100 enkeltsaker hausten 2023 og våren 2024.

- Vatn og avlaup er finansiert gjennom såkalla sjølvkost, det vil sei at alle utgifter til utbygging og drift vert dekka av avgiftene. At nokon er tilknytt utan å betala avgift, gir kommunen mindre ressursar til utbygging og vedlikehald. I tillegg fører det til at dei som er registrert, får høgare avgift enn nødvendig, seier kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug.

Han oppmodar no alle om å sjekka at dei har betalt.

Dersom ein ikkje har betalt, eller er i tvil, kan ein kontakta Austrheim kommune på 56 16 20 00 eller senda mail til post@austrheim.kommune.no.