Austrheim ute av Robek-lista

Å vera på Robek-lista inneber at Statsforvaltar (tidlegare Fylkesmannen) skal ha eit særleg ord med i laget for låneopptak og budsjett.

Austrheim har vore på denne lista dei siste åra, etter at det var fleire år på rad med driftsunderskot som ikkje kunne dekkast inn frå fond (kommunen sin sparekonto). I løpet av dei siste åra er dei oppsamla underskota no innfridd, med den siste resten på 850.000 kroner som vert dekka med mindreforbruket i 2021. Kommuneøkonomien er ikkje berre snudd frå minus til pluss, men så langt opp på plussida at tidlegare underskot er sletta.

Meir til startlån

Austrheim kommune fekk no i mars brev frå Statsforvaltaren i Vestland om at Robek-tida er over, etter at mindreforbruket i 2020 (overskotet) dekka siste rest av oppsamla underskot.

Statsforvaltaren skriv i brevet at:

  • Budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024 er godkjent.
  • Låneramme til VA-investeringar er godkjent med kr 12,0 millionar
  • Lån frå Husbanken til vidare utlån (Startlån) er godkjent med kr 8,0 mill. (Her har kommunen tidlegare fått Statsforvaltar sitt løyve til å låna to millionar, slik at med åtte til er ein oppe i dei 10 som kommunestyret har bedt om).
  • Vi legg opp til å ta kommunen ut av Robek-registeret etter at årsrekneskapen for 2020 er vedteke i kommunestyret. 

Ber om større fond

Statsforvaltar er for alle kommunar oppteken av at kommunane skal ha ein del pengar på fond, for å kunna justera for uventa endringar/svingingar i utgiftene. Då får kommunen litt tid på seg dersom det må kuttast i driftsutgiftene, og unngår som Austrheim å komma på Robek-lista før ein klarer å justera organisasjonen eller sikra seg nye inntekter.

No er oppfordringa til Austrheim at ein bygger fond framover, Statsforvaltar skriv: 

Det er nødvendig at kommunen opparbeider eit større disposisjonsfond for å ha tilstrekkeleg driftsreserve. Fondet bør bli opparbeidd til mellom kr 30 millionar og kr 40 millionar i løpet av nokon år. Fondet må bli opparbeidd av midlar frå netto driftsoverskot, frå og med rekneskapen for 2020. 

Ber kommunen vera forsiktig

Statsforvaltar ber vidare om at kommunen ikkje tar opp for mykje gjeld framover, og skriv: Låneopptaka bør difor inntil vidare vere avgrensa til investeringar som er fullt ut sjølvfinansierande gjennom auka inntekter. 

På vanleg norsk betyr det at Statsforvaltar meiner at det berre skal lånast pengar til investeringar innan vatn og kloakk, som er sjølvfinansierande ved at dette vert dekka av vassavgifta og kloakkavgifta som abonnentane betaler.

Andre investeringar blir finansierte utan lån, det vil seia i hovudsak gjennom sal av fast eigedom. 

Får skryt

Statsforvaltar gjev ros for økonomistyringa:

Vi vurderer kommunen si økonomistyring som god. Kommunen har arbeidd seg ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon. Den økonomiske utviklinga er no på rette vegen. Kommunen er positiv å samarbeide med, både den politiske leiinga og administrasjonen.


Sist oppdatert: 18.03.2021
Publisert: 18.03.2021