HjemNyheterAustrheim treng fleire fritidskontaktar

Austrheim treng fleire fritidskontaktar

Som fritidskontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Kven kan bli fritidskontakt?

  • Du bør vere over 18 år
  • Du må kunne leggje fram politiattest
  • Du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • Du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
  • For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du kan engasjere deg for minst eit år.

Slik søkjer du om å bli fritidskontakt

I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du. Kva brukarar og aldersgruppe du vil jobbe med. Døme på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, born og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar, kognitiv svikt eller menneske frå andre kulturar.

Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret eller send dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

(kan og sendast elektronisk til post@austrheim.kommune.no)

Kva skjer når du har søkt?

Vi tar kontakt med deg for ein samtale om deg, og gir deg meir informasjon om fritidskontakt-rolla.

Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn den fram når vi har behov for nye fritidskontaktar.

Alle som vert fritidskontakt får eigne oppdragsavtaler knytt til den aktuelle mottakar av tenesta. Ein leverer timeliste til kommunen kvar månad.

Kontakt oss

Vi har ope måndag - onsdag - fredag mellom klokka 08.00 og 15.00. Ta gjerne kontakt for spørsmål.

Forvaltningskontoret v/ Tove Kristin S. Tistel, tlf. 56162142


Sist oppdatert: 20.07.2023
Publisert: 20.07.2023