HjemNyheterAustrheim-lærlingar fekk fagbrevet

Austrheim-lærlingar fekk fagbrevet

Svennegilde 2020 Ulrikke Fonnes Haugland og Wenche Myrmel og Victoria Anna Trzmiel

Victoria Anna Trzmiel (til høgre) og Ulrikke Fonnes Haugland har fått sine fagbrev som ferdig utdanna helsefagarbeidarar, etter å ha gjennomført læretida i Austrheim kommune. 

Her er dei avbilda i samband med svennegildet på Alver Hotel, saman med personalkonsulent i Austrheim kommune Wenche Myrmel.

Summert for lærlingar og elevar er det i alt 12 ungdommar som no har læretida si i Austrheim kommune. Personalkonsulent Myrmel reknar med at kommunen vil ta inn to nye frå hausten av. 

Opplæringskontoret for Nordhordland inviterer kvart år til eit svennegilde der ungdommane får sine fagbrev. I år hadde dagleg leiar ved opplæringskontoret, Lillian Vabø Mongstad, fått med seg fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, til å stå for utdelinga (bilda under).

dagleg leiar ved opplæringskontoret for Nordhordland Lillian Vabø Mongstad

Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland


Sist oppdatert: 14.02.2020
Publisert: 14.02.2020