HjemNyheterAustrheim-elevar med i korpsprosjekt

Austrheim-elevar med i korpsprosjekt

Begge skulane i kommunen har gått saman med kulturskulen og sine respektive korps, og søkt Korpsnett om å få låne instrument til å ha klassekorps neste skuleår.

Denne utlånsordninga gjennom Korpsnett er gjort mogleg med støtte frå Sparebankstiftelsen DnB. Både Kaland og Årås skule har fått innvilga sine søknader, og kan difor neste skuleår ønskje alle sine 4. klassingar velkommen til eit kjekt og lærerikt musikkfag med Klassekorps.

– Skulane, korpsa og kulturskulen samarbeider om lærekrefter, så kvaliteten på tilbodet blir høg. Vi håpar at klassekorps kan ha stor verdi for rekrutteringa til korpsa, samtidig som alle elevane får lære meir om korpsinstrument og kjenne på gleda av å spele saman med andre, seier Elisabeth Jensen Risnes, som er leiar for Austrheim Kulturskule.

– Kaland skule har fått låne instrument til ein verdi av kr. 62.000, og Årås skule har fått låne instrument til ein verdi av kr. 86 000. Dette er vi svært takksame for, og vi ser fram til eit godt og høgtblåsande skuleår!

Her kan de lese meir om ordninga (klikk på lenka): 12 prosjekt får tildelt utlånsinstrumenter til klassekorps i 2023 – Korpsnett


Sist oppdatert: 02.06.2023
Publisert: 02.06.2023