HeimNyheterAustrheim kommune støttar Redningsselskapet

Austrheim kommune støttar Redningsselskapet

Med redningsskøyter og mannskap har dei redda og hjelpt fiskarar, fritidsbåtfolk og andre sjøfarande, anten det er livstrugande forlis eller tekniske problem. Austrheim kommune er med og støttar Redningsselskapet, som diplomen under viser.

Her er lenke til nettsida til Redningsselskapet.

Her lokalt har me Redningsselskapets Sjøredningskorps Mongstad, som med base i Kilstraumen driftar redningsskøyta RS 135 Kaptein E. Nygård. Mannskapet er frivillige frå kommunane Austrheim og Alver.

Besøk gjerne sida deira på Facebook for å læra meir, og sjå korleis du kan bidra til å gjera sjøen til ein tryggare plass:

Redningsselskapets Sjøredningskorps Mongstad (lenke til Facebook)

Redningsselskapet 


Sist oppdatert: 14.07.2022
Publisert: 14.07.2022