HeimNyheterAustrheim kommune sel fire personbilar

Austrheim kommune sel fire personbilar

Austrheim kommune har for sal 4 brukte tenestebilar. Bilane har vore nytta i heimetenesta.
Publisert: 11.07.2024
Sist endra: 11.07.2024

Kommunen ønskjer primært å selja bilane samla. Dersom ingen gjev bod på alle bilane samla, vil det vera høve til å kjøpa ein og ein bil separat. Alle bilane har komplett servicehistorikk.

Slik gjev du bod:

  • Det vert høve til å sjå bilane ved brannstasjonen på austsida av Mastrevik torg onsdag 17. juli klokka 10.00-12.00.
  • Bod kan sendast på mail til post@austrheim.kommune.no. Dersom du berre ønskjer å gje bod på ein eller fleire av bilane kvar for seg, husk å merka tydeleg kva bil bodet/boda gjeld.
  • Frist for å senda inn bod er tysdag 23. juli klokka 15.00.

Reglar for bodgjeving:

  • Dersom det kjem inn bod på alle fire bilane samla, vil bilane verta selt samla til den som har det høgaste bodet.
  • Dersom det ikkje kjem inn bod på alle fire bilane samla, vert kvar enkelt bil selt til den som har det høgaste bodet på den aktuelle bilen.
  • Boda vil bli handsama konfidensielt fram til 24. juli. Deretter vert det utarbeidd offentleg tilgjengeleg protokoll som viser alle innkomne bod.

Kjøpar må omregistrera kjøretøya og betala avgifta for dette.

Kontaktperson Atle Vaage - 94530126

Bilane som skal seljast:

Suzuki Ignis 2019-modell

Suzuki Ignis - bilde av bil

  • 1.3 hybrid/bensin
  • Km 169.570
  • Nokre mindre skader på karosseriet
  • Følgande delar er kjøpt og følgjer med ved sal; Nye bremsetromlar bak, stabilisatorstag-foringar framme begge sider

Kia Picanto 2018-modell

Kia Picanto - bilde av bil

  • 1.0 bensin
  • Km 85.956
  • Nokre mindre skader på karosseriet

Kia Picanto 2017-modell

Kia Picanto - bilde av bil

  • 1.0 bensin
  • Km 107.419
  • Nokre mindre skader på karosseriet

Nissan Leaf 2017-modell

Nissan Leaf - bilde av bil

  • Elektrisk 80 kwt
  • Km: 166.265
  • Nokre mindre skader og rust på karosseriet