Austrheim klatrar på Kommunebarometeret

Kommunal Rapport kom 24. august med 2022-utgåva av Kommunebarometeret.. Dette er ei samanlikning av landets kommunar, basert på i alt 151 nøkkeltal innan 12 ulike sektorar.

Kommunal Rapport hentar inn tal frå mellom anna Statistisk sentralbyrå (SSB) sin Kostra-database, og frå kjelder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking.

For Austrheim sin del går kommunen opp frå 259. plass i 2021 til 201. plass i 2022. Kommunen har dermed ei positiv utvikling, som du kan lesa meir om i dette PDF-vedlegget (klikk på lenka).

Du kan elles lesa Kommunal Rapport på denne lenka (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 26.08.2022
Publisert: 26.08.2022