HjemNyheterAustrheim heldt seg til nasjonale Korona-krav

Austrheim heldt seg til nasjonale Korona-krav

Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim bestemte måndag morgon at kommunen gjer som Bergen og Alver, og no avsluttar perioden med tiltak strengare enn dei nasjonale. 

Det betyr at den lokale forskrifta om Korona-tiltak i Austrheim vert oppheva frå måndag 7. desember klokka 10.00.

Den siste månaden har det i deler av landet, som rundt Bergen og Oslo, vore innført strengare tiltak på grunn av at smittepresset her har vore høgare enn andre stader i landet. No går smittetala nedover i Bergen, og det er grunnlaget for at byen og kommunane rundt kan løysa opp på tiltaka. 

På nettsida til Regjeringa finn du ein plakat for dei nasjonale tiltaka, sjå regjeringen.no:

Dei nasjonale Korona-tiltaka:

Det aller viktigaste:

  • Hald avstand.
  • Hald hendene reine, med handvask eller handsprit.
  • Hald deg heime dersom du er sjuk, og ikkje send born i barnehage eller skule dersom dei har fått symptom på luftvegssjukdom.
  • Hald nede talet på personar du møter.
  • Ha mål om to meters avstand, så er det lettare å klara minst ein.
  • Om det er utfordrande å halda avstand - bruk munnnbind (men for born under 12 år er ikkje munnbind tilrådd).
  • Skal ein klara å oppretthalda dette tiltaksnivået, er det viktig at alle er nøye med å etterleva råd og reglar. Vaksinering kan starta tidleg i 2021, men det vil ta tid før ein får effekt.

I private heimar, og sosial kontakt:

  • Det er tilråding om å ha maksimalt 5 gjester i tillegg til dei du bur saman med. Er alle gjestene frå same husstand, kan ein vera fleire.
  • Barnehagebarn og barneskulebarn kan vera saman med sin kohort også på fritida.
  • Unge og vaksne som veit at dei har vore i situasjonar der dei ikkje har klart å halda minst ein meters avstand, bør ha minst to meters avstand dersom dei besøker personar i risikogruppene.

Besøk på Nordliheimen:

  • Ta kontakt med Nordliheimen for å få vita om kva som gjeld. Alle besøk skal avtalast på førehand.

Reiser i utland og innland:

Karantene og isolasjon:

Kollektivreiser:

  • Ha minst ein meters avstand.
  • Unngå å reisa i rushtida.
  • Både på buss og i drosje bør ein bruka munnbind, særleg om det er vanskeleg å halda avstand.
  • Etter avtale med arbeidsgjevar kan heimekontor vera ei løysing for å redusera smitterisikoen.

Arrangementer og samankomstar

Det er ei rekkje krav til gjennomføring av arrangement, med ulikt tal for kor mange deltakarar ein ha ved ulike arrangement:

Sist oppdatert: 07.12.2020
Publisert: 07.12.2020