HjemNyheterAustrheim har no ti med smitte

Austrheim har no ti med smitte

Søndag 20. september kom det to nye positive prøvesvar, slik at Austrheim frå det første registrerte tilfellet 10. september no er oppe i 10 Korona-smitta personar.

Per måndag 21. september er det i alt 37 personar som er sette i karantene. 

Dei ti med smitte er frå fleire grupper, med andre ord er smitten etablert fleire stader. 

For å halda smitten i sjakk er det heilt avgjerande at absolutt alle etterlever smittevernreglane - alltid. Du kan lesa meir om smittevern på heimesida til Folkehelseinstituttet, klikk her.

Smittesituasjonen vert i dag handtert av Legekontoret og dei som er henta inn for å driva smittesporing, men den enkelte innbyggjar må også hugsa på at den viktigaste jobben er den me gjer sjølv.

Austrheim har per i dag 10 tilfelle av Korona-smitte, og alle er stadfesta innanfor siste to veker. Med eit folketal (2. kvartal) på 2.877 innbyggjarar, tilseier det at Austrheim har 348 smitta per 100.000. Det er smittetalet per 100.000 innbyggjarar som vert brukt i det offisielle statistikkane, og i denne samanhengen vert Austrheim som eit av dei landa som er raude på Folkehelseinstituttet sitt reisekart for Europa.


Sist oppdatert: 21.09.2020
Publisert: 21.09.2020