HjemNyheterAustrheim brannvern går inn i Nordhordland brann og redning

Austrheim brannvern går inn i Nordhordland brann og redning

Årsskiftet markerer oppstart av den nye brann- og redningstenesta i regionen, som er ei samanslåing av tenestene i kommunane Lindås, Meland, Modalen, Radøy og Austrheim.

Nordhordland brann og redning (NHBR) vil ha hovudstasjon på Ikenberget i Alversund (gateadresse Stølen 7), dette er brannstasjonen som Lindås og Meland brann og redning har hatt dei siste åra. Her vil leiinga vera plassert, inkludert ei ny stilling som innsatsleiar, og med ein styrke på fem brannkonstablar på dagtid. Her vil det også vera eiga feiaravdeling, der Austrheim skal med frå 2020, samt den interkommunale brannførebyggande avdelinga, slik at stasjonen vil ha 21 personar på jobb på dagtid.

 

Strukturen med stasjonar ute i regionen held fram som i dag, med 115 deltidstilsette brannmenn fordelte på seks stasjonar. Deltidsbrannvernet skal som i dag gjera ein viktig jobb ved brann og ulukker, støtta av dei heiltidstilsette og med tilrettelegging av ein brannsjef som saman med sin stab berre jobbar med brann og beredskap.

 

– I NHBR ønskjer vi å byggja på det beste frå eksisterande organisasjonar. I tillegg ser vi behov for endringar på nokre område, som eit resultat av at vi er vesentlig større både i oppdrag, omfang og kompleksitet, seier brannsjef Karl Johannes Romarheim.

Han er brannsjef i Lindås og Meland fram til nyttår, og i Nordhordland brann og redning frå 2019.

 

– Vi meiner at dette er ei fornuftig organisering, for å byggja ein framtidsretta og robust organisasjon som kan handtera både dagens utfordringar og framtidige krav og forventningar.

 

Romarheim legg til at NHBR ønskjer å vera ein sentral aktør i beredskapsarbeidet i regionen, og vil jobba for eit godt samarbeid med alle sentrale beredskapsaktørar.

 

Lindås og Meland har lenge hatt eit samarbeid om brann og redning, dei seinaste åra har også Modalen vore med. Med den siste endringa vil også Radøy og Austrheim gå inn i samarbeidet, der dei kommunale brannverna i desse to kommunane no vert lagt ned.

 

I første omgang er Lindås kommune vertskommune for samarbeidet, men når Meland, Radøy og Lindås frå 1. januar 2020 går saman til Alver, vert dette vertskommunen.

 


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 21.12.2018