HjemNyheterAustrheim barnevern vert ein del av Alver

Austrheim barnevern vert ein del av Alver

Austrheim kommune har inngått ein interkommunal samarbeidsavtale med Alver kommune, der Alver blir vertskommune for barnevernstenesta. Dette medfører at dagens barnevernsteneste for kommunane Austrheim og Fedje blir ein del av Alver barnevernsteneste. Endringa vil gje barnevernet vårt del i eit større og sterkare kompetansemiljø.

Overføringa til Alver skjer frå 1. juni 2020. Frå denne dagen vil Austrheim ikkje ha stadleg barnevern på Austrheim rådhus, men blir lokalisert i Geco-bygget (Kvassnesvegen 27) i Knarvik.

Overgangen til Alver barnevernsteneste betyr ny adresse, og nye telefonnummer,  og det kan også bli ny sakshandsamar i sakene.

Ny besøksadresse blir:
Alver barnevern
Kvassnesvegen 27
5914 Isdalstø

Tlf. 56 37 50 82
E-post: barnevern@alver.kommune.no

Ny postadresse blir:
Alver barnevern
Postboks 4
5906 Frekhaug

Barnevernsleiar i Alver barnevern er Sissel M. Frotjold.

Som del av Alver barnevernsteneste skal Alver utøve heilskaplege lovpålagde og forsvarlege barnevernstenester for Austrheim og Fedje. Dette inkluderer akuttberedskap, og naudsynt samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.

Skal du senda faktura til barnevernstenesta? Sjå meir informasjon her, på sida med informasjon om fakturering:


Sist oppdatert: 25.05.2020
Publisert: 20.05.2020