HjemNyheterAukar bustøtta - sjekk når du må søka

Aukar bustøtta - sjekk når du må søka

Først er det lagt til 1500 kroner på utbetalingane for dei som søkte i november, og som får denne bustøtta utbetalt 20. desember. Dersom det er fleire personar i husstanden, er utbetalinga auka tilsvarande med 150 kroner per person.

Dette er endringane no:

  • Den øvre inntektsgrensa for bustøtte vert heva, slik at fleire kan få denne støtta. Om du tidlegare har fått nei til bustøtte, kan du no få ja.
  • Personar som allereie får bustøtte, vil kunna få auka støtte i perioden.
  • Det vert opna for at søkarar som har låg inntekt, men har formue fordi dei til dømes eig ein bustad, i større grad enn elles kan få bustøtte.

Dette er fristane du må følgja med på:

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer om lag den 20. i månaden etter.  månad. Om du får innvilga søknaden din om bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Du pliktar å gje beskjed om du til dømes flyttar eller inntekta di endrar seg, men Husbanken har også ein kontroll slik at dei registrerer i etterkant om inntekta di er over grensa.

For desember 2021 er søknadsfristen utsett til 31. desember. Men start i god tid, slik at du ser kva du må ha opplysningar om.

Får du avslag fordi du har for høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Du søkjer via Husbanken.no:

Bustøtte er ei statleg støtteordning for deg som har låge inntekter og høge utgifter til bustad. Du går til nettsida til Husbanken for å søka om bustøtte.

Her er lenke til søknadsskjemaet (innlogging), klikk her: 

Her er lenke til Husbanken sin Bustøtte-kalkulator, som viser om du kan få støtte (ingen innlogging), klikk her: 

Her er lenke ei Husbanken.no-side som viser øvre inntektsgrense (ingen innlogging), klikk her: 

Her er lenke til Husbanken.no-sak om støtte til høge straumutgifter: 


Sist oppdatert: 20.12.2021
Publisert: 20.12.2021