Auka vakthald på Mongstad

Leiinga i kommunane Alver og Austrheim har hatt møte med politiet og forsvaret om situasjonen på Mongstad. 

Ingen truslar mot anlegget 

Meldinga til innbyggjarar som bur og arbeider i området er at livet kan halde fram som før. 

Det er den generelle sikkerheitssituasjonen i Noreg som gjer at forsvaret og politiet har fått i oppdrag å auke vakthaldet på land og sjø i området. 

Heimevernet og sjøforsvaret har fått begrensa politimynde, og opptrer på vegner av politiet. Politiet vil også vere til stades på land og sjø i området.

Skal du fiske eller jakte? 

  • Skal du jakte på Litlåsfjellet, i Leirvåg eller andre område i nærleiken av bedriftene på Mongstad? 

    • Ta kontakt med leiar for jaktvaldet ditt, eller lokalt politi på telefonnummer 56 35 56 70 (eller 02800). 

  • Skal du fiske i nærleiken av bedriftene på Mongstad? 

    • Gjer deg kjent med forbodssona som er markert i sjøkartet. 

Meld frå om mistenkeleg aktivitet 

Politiet oppmodar alle innbyggjarar som oppdagar mistenkeleg aktivitet på Mongstad om å melde frå. 

Du kan anten ringe lokalt politi på 56355670, (eller 02800) eller ta direkte kontakt med vaktar frå Heimevernet i området. 

Naudssituasjonar skal varslast som normalt til 112 (politiet) og 113 (ambulanse) og 110 (brann). 

Her kan du lese meir: 


Sist oppdatert: 07.11.2022
Publisert: 05.10.2022