HjemNyheterAuka smitte – nye Korona-anbefalingar

Auka smitte – nye Korona-anbefalingar

Tiltaka er utarbeidde av kommuneoverlege/smittevernlege Jarle Gallefoss, og er vedtekne av KKL i møtet 10. november.

Bakgrunn:

Me har hatt 26 koronasmittetilfelle i Austrheim kommune dei siste to vekene. Dei Korona-smitta er fordelte på alle aldersgrupper, og omfattar både uvaksinerte born under 12 år, delvaksinerte ungdommar, og uvaksinerte og fullvaksinerte vaksne og eldre. Førebels har ein berre sett milde og moderate sjukdomsforløp, og ingen er lagt inn på sjukehus. Denne smitteutviklinga aukar risikoen for smitte i sårbare grupper, mellom desse eldre og folk med betydeleg nedsett immunforsvar.

På bakgrunn av dette utvidar KKL no smittevernråda til alle i Austrheim. Desse anbefalingane gjeld førebels i 14 dagar framover, med mindre KKL før dette må komma med utvida anbefalingar, eventuelt at det er behov for forskrift ved eventuell auka sjukdomsbyrde/sjukehusinnlagte, eller at det kjem nye nasjonale retningslinjer.

Råd og anbefalingar:

Dei generelle råda er framleis heilt grunnleggande framover:

1) Å halda deg heime ved symptom frå luftvegar, og ta ein hurtigtest. Gratis hurtigtestar til dei med symptom, eller nærkontaktar, blir utleverte på baksida av kommunehuset ved inngangen til legekontoret (under taket) i tidsrommet 14.30 - 15.15. Bruk ringeklokka ved døra.

2) God hand- og hostehygiene.

Med bakgrunn i den aktuelle smittesituasjonen i Austrheim, anbefalar kommuneoverlegen at befolkninga i dei neste 14 dagane i tillegg følgjer følgjande råd:

1) Å halda avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, gjerne ein meter.

2) Å bruka munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand innandørs i det offentlege rom; særleg gjeld dette på offentleg transport (inkludert taxi), butikkar, kjøpesenter, ved besøk av pårørande på sjukeheimen, ved frammøte på legekontoret.

3) Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg.

4) Reduser antal nærkontaktar.

Det er førebels vurdert at det ikkje er grunnlag for å innføra tiltak for arrangement eller sosiale lag.

Det er førebels heller ikkje innført avstandsregulerande tiltak ved skular eller i barnehagar.


Sist oppdatert: 10.11.2021
Publisert: 10.11.2021