HeimNyheterAsfaltering ved Fonnes senter 31. mars

Asfaltering ved Fonnes senter 31. mars

Det er planlagt asfaltering ved Fonnes Senter torsdag 31. mars, og i samband med dette vert det redusert tilkomst til Vardemyrvegen.

Asfalteringa er siste del av jobben med nytt leidningsnett i området, og hovudsakleg skal det asfalterast på vestsida av Fonnes senter-bygget, og i innkjøringa frå fylkesveg 565.

Medan arbeidet pågår må ein bruka innkjøringa til Vardemyrvegen frå krysset på Mongstad-sida. 

Asfaltering Mongstad


Sist oppdatert: 28.03.2022
Publisert: 28.03.2022