Bli med på strandryddeveka, 13.-22. september
Strandryddeveka er ein nasjonal ryddedugnad der målet er å engasjere frivillige til å bli med og rydde naturen for avfall. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!
Publisert:
20.08.2024
Sist endra:
20.08.2024
Vårt lokale renovasjonsselskap NGIR har utstyr til strandrydding, som alle kan henta seg ved deira anlegg i Kjevikdalen. Det er og plassert ut kassar med utstyr desse plassane:
- Austrheim kommunehus, ved Mastrevik Torg (i kasse bak kommunehuset)
- Litlås gjenvinningsstasjon (i kasse på utsida av gjerdet)
Vil du rydda ei strand?
Slik går du fram:
- Finn eit område som treng rydding.
- Sekkar og hanskar kan hentast på gjenvinningsstasjonane våre eller ved utplasserte strandryddekassar som nemnt over.
- Registrer ryddeaksjonen din på www.ryddenorge.no. På denne sida kan ein sjå kvar det er rydda og gjera ein innsats andre stader det trengs.
- Ta kontakt med NGIR på e-post strandrydding@ngir.no for å avtala henting av avfallet.
Meir informasjon
Meir info kan du finna hjå Hold Norge Rent (klikk på lenka)
og hjå Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) (klikk her).