HjemNyheterBli med på strandryddeveka, 13.-22. september

Bli med på strandryddeveka, 13.-22. september

Strandryddeveka er ein nasjonal ryddedugnad der målet er å engasjere frivillige til å bli med og rydde naturen for avfall. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!
Publisert: 20.08.2024
Sist endra: 20.08.2024

Vårt lokale renovasjonsselskap NGIR har utstyr til strandrydding, som alle kan henta seg ved deira anlegg i Kjevikdalen. Det er og plassert ut kassar med utstyr desse plassane:

  • Austrheim kommunehus, ved Mastrevik Torg (i kasse bak kommunehuset)
  • Litlås gjenvinningsstasjon (i kasse på utsida av gjerdet)

Vil du rydda ei strand?

Slik går du fram:

  • Finn eit område som treng rydding.
  • Sekkar og hanskar kan hentast på gjenvinningsstasjonane våre eller ved utplasserte strandryddekassar som nemnt over.
  • Registrer ryddeaksjonen din på www.ryddenorge.no. På denne sida kan ein sjå kvar det er rydda og gjera ein innsats andre stader det trengs.
  • Ta kontakt med NGIR på e-post strandrydding@ngir.no for å avtala henting av avfallet.

Meir informasjon

Meir info kan du finna hjå Hold Norge Rent (klikk på lenka)
og hjå Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) (klikk her).