HjemNyheterÅrås-elevar samla inn 50.000 til Redd Barna

Årås-elevar samla inn 50.000 til Redd Barna

Elevane fordjuper seg i ulike problemstillingar, dei har ein arbeidsdag der inntekta går til aksjonen, lagar avis med reflekterande elevtekstar, sel lodd, lagar og samlar inn premiar og avsluttar med ein stor aksjonskveld på skulen.

Kvar elev lagar premie til si eiga loddbok.

På sjølve aksjonsdagen stilte dyktige foreldre opp og dreiv kafeen saman med borna. Dei har baka og førebudd elevane på sine viktige oppgåver. Elevane styrte lykkehjul, bowling, ulike konkurransar og selde avisa og lodd. I tillegg hadde dei fin korsong, diktlesing og programleiing. Kvelden vart avslutta med loddtrekking med fine vinstar.

Små og store på Årås skule vil takka næringslivet som har tatt imot elevar på arbeidsdagen og stilt med vinstar. Me er svært imponert over resultatet. I år var det berre mellomtrinnet. I fjor var summen høgare, men då var også ungdomsskulen med.

Diplom til elevar ved Årås skule for innsamling til Redd Barna


Sist oppdatert: 27.04.2023
Publisert: 27.04.2023