HjemNyheterÅrås-elevane med aksjon for Ukraina

Årås-elevane med aksjon for Ukraina

Aksjonskveld for Ukraina - Årås skule

Heile prosjektet vart avslutta med ein aksjonskveld før påske, der bygda vart invitert. Elevar frå 7. trinn var programleiarar denne kvelden, som vart opna med ein minikonsert av mellomtrinnskoret.

Etter opninga var målet at dei frammøtte kunne bruka mest mogleg pengar på ulike aktivitetar. Dei kunne starta i kafeen, der elevane selde ukrainsk suppe, og kaker og kaffi som foreldra hadde laga.

Så opna tivoliet, og her kunne alle prøva seg på lykkehjul, pilkast, erteposekasting, halda mjølkespann på tid, bowling og tipping av tal godteri i ei krukke. I tillegg var det loddsal med flott vinstar gitt av lokale verksemder på Austrheim og Radøy.

Før aksjonskvelden starta, vart loddbøkene elevane hadde seld på førehand trekt. Fem glade vinnarar kunne gå heim med kva si kake kjøpt frå Aufera.

Aksjonskvelden vart avslutta med trekking av lodda som var selde same kveld, og det vart delt ut premie på aktivitetar. Då vann dei fruktkorger, snopekorger, hårpleieprodukt, gåvekort på middagar, blomar m.m.

Litt om det dei ulike bidrog med.

Elevane i 5.-7. trinn:

  • Fekk kvar si loddbok med 50 lodd som dei skulle selja for 2 kr loddet.
  • Fekk ein arbeidsdag der dei skulle tilby si arbeidskraft og tena minst 200,- kr.
  • Laga veggplakatar om Ukraina, krigane som er og har vore der, om Tsjernobyl og om fleire ukrainske ressursar.
  • Hadde fleire korøvingar der dei øvde inn to songar (Imagine og Optimist).
  • 5. trinn laga ei flott avis om menneskerettar som dei selde for 50,-.
  • 6. trinn laga borscht-suppe (ukrainsk) i mat og helse-timane.

Elevane på ungdomsskulen hadde også arbeidsdag der dei tilbydde arbeidskraft for å tena minst 200,- til prosjektet.

Dei vaksne på skulen:

  • Laga klart, gjorde innkjøp og planla aksjonskvelden med arbeidsliste, gjort den dagen då elevane hadde arbeidsdag.
  • Spurte etter vinstar til lotteriet.
  • Laga hamburger-lunsj som vart seld til valfri pris til vaksne på skulen.
  • Laga vaflar som vart seld til valfri pris til vaksne på skulen.

Totalt samla Årås skule inn over 60 000,- kroner.
Det er om lag dobbelt så mykje som vart samla inn sist ein hadde aksjon, for tre år sidan.  

Me vil takka alle!

  • Foreldre og elevar som var positive og deltakande gjennom heile prosjektet!
  • Verksemder som har vore lette å spørja om vinstar.  
  • Vaksne på skulen som har vist dugnadsand og givarglede.
  • Alle som har kjøpt vaflar, lodd og bidratt til elevane våre sine innsamlingar.

Sist oppdatert: 20.04.2022
Publisert: 20.04.2022