HjemNyheterAlkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2020-2024 ute til offentleg høyring.

Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2020-2024 ute til offentleg høyring.

Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2020-2024 er lagt ut til offentleg høyring, etter vedtak i formannskapet 27. mai. Høyringsfristen er 1. august.

Her er utkast til ny plan, som er på høyring: Klikk her

Om du vil samanlikna med dagens plan:

Her er den gjeldande planen: Klikk her

 

Slik var saksframstillinga til formannskapet: 

Bakgrunn

Kommunen er pliktig å ha utarbeidd ein alkoholpolitisk plan, jamfør Alkolhollova § 1-7d.

Det er kommunestyret som tildeler sals- og skjenkeløyve, og desse varer i fire år med fornying seinast 30. september i året etter val av nytt kommunestyre. Det er mogleg å gje forlenging av dei eksisterande løyva i kommunen med fire nye år, men det krev at kommunestyret har tatt ein gjennomgang av alkohol- og bevillingspolitikken, som i denne saka.

Dersom formannskapet den 27. mai vedtek å legga planen ut på høyring i seks veker, kan den så komma tilbake til formannskapet den 20. august, og gå til vedtak i kommunestyret 17. september.
Då vil det i same møterekke 20. august/17. september vera mogleg å forlenga eksisterande sals- og skjenkeløyve med fire år, til og med 30. september 2024.

Eller formannskap og kommunestyre kan bestemma at dei som har løyve må søka på nytt, med ny vurdering av vandel, innhenting av uttale frå Politi og Nav, med meir.

Vår nabokommune Alver har delt sin plan med oss i Austrheim, og såleis spart oss for mykje arbeid. I tillegg er det uansett heldig at ein del av sals- og skjenkevilkåra er like mellom kommunar som ligg attmed kvarandre.

Vurdering

Endringane som er gjort no er kun mindre, med mindre justeringar er dette eit framhald av dagens sals- og skjenketider.

Justeringar i skjenketidene: I gjeldande alkoholpolitiske plan i Austrheim er det forskjell på kor lenge ein kan skjenka utover kvelden(natta), alt etter om det er fredag/laurdag eller andre dagar. I utkastet som ligg føre no, er dette likt for alle dagar i veka. Skjenketida vert då samsvarande i ein stor del av regionen, og lettare å forstå for gjestene. I tillegg er det også enklare for serveringsstadane, som til dømes vil ha lik skjenketid på ein bevegeleg heilagdag, uansett om dette skulle vera ein torsdag eller fredag.

Alver legg no opp til å fjerna restriksjonar mot å selja alkohol på valdagen. Dette tok Austrheim vekk ved førre revisjon, etter ei endring som var gjort i alkohollova. Denne regelen vert no likare for regionen.

I dagens plan er sal av alkohol i butikk avgrensa til tidsrommet 09.00 til 15.00 på påske-, pinse-, jule- og nyttårsafta. I den nye planen er dette utvida med ein time til 09.00 til 16.00. Endringa er i tråd med dei endringane som er gjort nasjonalt i etterkant av Granavolden-erklæringa, der Vinmonopolet får utvida si salstid med ein time på laurdagar, til klokka 16.00.

Vedlagt ligg også planen for perioden 2016-2020, for samanlikning.

Konklusjon

Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2020-2024 vert lagt ut til offentleg høyring. Høyringsperiode er sett til 6 veker.


Sist oppdatert: 04.08.2020
Publisert: 17.06.2020