HjemNyheterAlgeoppblomstring i fleire vatn

Algeoppblomstring i fleire vatn

Varmen dei siste vekene har gjeve kraftig oppblomstring av blågrønalger i fleire vatn i Austrheim, og det vert difor rådd frå å bada i fleire vatn. Dette gjeld både folk og firbeinte, hunden bør heller ikkje kjøla seg ned i vatn med algeoppblomstring.

Dette gjeld mellom anna desse vatna på Fonnes: Ævatnet, Klebakkvatnet, Altersvatnet og Purkebolsvatnet. 

På Solend gjeld det Solevatnet. 

Bakterieveksten som vert kalla blågrønalger kjem i fleire fargar, og kan også vera grøne, gulgrøne og raudbrune. Les meir om algeveksten hjå Folkehelseinstituttet (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 07.08.2019
Publisert: 07.08.2019