HjemNyheterTesting for Covid19 før start i barnehage og skule etter juleferien

Testing for Covid19 før start i barnehage og skule etter juleferien

For å unngå smittespreiing seier Helsedirektoratet at tilsette i barnehage, og elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, bør testa seg med hurtigtest etter ferien. Testen skal tidlegast utførast 24 timar før dei går på jobb eller skule, første dag etter juleferien.

Det er tilrådd at ein tar testen kvelden før, eller på morgonen før ein går på jobb/skule.

Har testar til utlevering

Skulane og barnehagane har hurtigtestar til utlevering for dei som har behov for det. Tilsette i barnehagar og skular, og føresette for elevar i grunnskulen, skal ha fått informasjon om tid og stad for utlevering av hurtigtestar direkte frå barnehagen/skulen.

Barnehagar og skular i heile landet vart frå og med 16. desember drifta på gult nivå etter trafikklysmodellen. I Austrheim kommune har alle barnehagar og skular eigne beredskapsplanar knytt til Covid19, og skal i tida som kjem bruka trafikklysmodellen på gult nivå. Vi er budde på at situasjonen kan endra seg raskt, og at vi på kort varsel må gå over til raudt nivå i trafikklysmodellen. Dersom dette blir sett i verk som tiltak, vil føresette og tilsette få informasjon via barnehagen eller skulen.

Redusert opningstid i barnehagane

Det er redusert opningstid i Kaland barnehage og i Kystbarnehagen, til og med 31. januar. Opningstida i denne perioden vil vera kl. 08.00 – 15.30. Føresette vil få kompensasjon gjennom redusert betaling for perioden.

Barn som har begge sine føresette i samfunnskritiske jobbar kan få dekka sitt behov for opphald i barnehagen innanfor ordinær opningstid, etter søknad om dette med stadfesting frå arbeidsgjevar om behov. Behov og søknad må meldast til den einskilde barnehage så snart som mogleg.

Liste over kritiske samfunnsfunksjonar (lenke til regjeringen.no, ekstern lenke)

Takk for at du framleis er god på smittevern

Med auka smittetrykk i landet har vi igjen fått innstramming i nasjonale tiltak, som gir rammer for oss i kvardagen. Alle ser nok fram til den dagen vi kan leve som normalt, utan smittereduserande tiltak.

Stor takk til alle som følgjer nasjonale reglar og tilrådingar!

Hald deg oppdatert

Reglar og oppmodingar i høve til nærkontaktar, karantene og testing er i stadig endring. På Helsenorge.no (ekstern lenke) finn du siste nytt om nasjonale reglar og tilrådingar.

Med ønskje om eit godt nytt år!

Med helsing
Trine Merete Jansen, kommunalsjef oppvekst og kultur


Sist oppdatert: 28.12.2021
Publisert: 28.12.2021