Austrheim kommune - informasjon om Korona
Dette er informasjonen om avgjerder teke av Austrheim kommune i samband med Korona-situasjonen, både i den førebyggande fasen og for konkrete smittetilfelle. Me rår alle til å følgja med på informasjonen frå kommunen, men samstundes også oppdatera seg på ny nasjonal informasjon.
Kommunen følgjer frå fredag 6. november dei tiltaka som er innførte av Bergen kommune, og kommunane rundt. Austrheim reknar seg som ein del av bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Bergen, og det er naturleg å ha same tiltak mot Korona.
Den gjeldande nasjonale forskrifta finn du på denne lenka her:
Informasjon til deg som er ansvarleg for arrangement
Presisering av smitteverntiltak i Austrheim kommune, ved ulike arrangement:
Retningslinjer frå dei ulike bransjestandardane og overordna organisasjoner vert lagt til grunn.
I tillegg krev Austrheim kommune følgjande:
Ansvarleg må sjå til at lokala er klarert før bruk, at det er tørkepapir ved vaskar og toalett, at det er tilgjengeleg og nok handsprit, at ein unngår kødanning, og at ein viser bort personar med eventuelle Covid-symptom, eller luftvegsinfeksjonssymptom.
Vi ber arrangør senda inn sjekklisteskjema slik at vi kan kontrollera at smitteverntiltak blir ivareteke.
Skjema for sjekkliste for arrangementsansvarleg
Det skal føreligge dokumentasjon på:
- Ansvarleg leiar (namn og telefonnummer)
- At ansvarshavande sikrar at reglane er gjort kjent for alle deltakarar/dei som er tilstades
- At det blir ført liste over alle som er tilstades, inkludert telefonnummer
- At listene vert oppbevarte i 14 dagar, deretter makulert, og at ein har eit system for dette
- At ansvarshavande sjølv eller ved personleg utpeika person sikrar vask/spriting av felles kontaktflater i dusj/toalett/garderobeanlegg mellom dei ulike brukarane, samt før og etter bruk
- At ein har generelt fokus på orden, reinhald og smittehensyn, inkludert avstand i garderobe/dusj
- Annakvar dusj er markert og blokkert, kun annakvar dusj kan nyttast
- Sikring av smitteforsvarleg tømming av boss
- Oppmodar deltakarane til å ta test ved symptom på korona og at ansvarleg leiar vert informert om dette. Ansvarleg leiar kontaktar Smittevernlegen.
Vaksinering i gang, nye reglar for innreise. Status 08.01.21:
Ingen nye smitta i Austrheim - vaksinering i gang - nye reglar for test ved innreise. Klikk her for å lesa meir, også på andre språk enn norsk.
Korona-tiltaka som gjeld til 18. januar:
Her er ei oppsummering av lokale og nasjonale Korona-tiltak, som gjeld frå 4. til 18. januar:
Nye nasjonale Korona-tiltak - frå 04.01.21
Regjeringa orienterte søndag 3. januar om nye tiltak mot Korona-smitte, gjeldande til 18. januar. Les meir om dette her:
Ingen ny smitte - les om vaksinering. Status 30.12.20
Etter å ha testa nær 1100 personar så langt i år, er det dei siste vekene ikkje oppdaga ny Korona-smitte i Austrheim. No startar snart vaksineringa, les meir om dette her:
Koronavaksinering i 2021 - slik er planen. Status 18.12.20
På nyåret rullar koronavaksinane utover landet, slik er vaksineringsplanen her i Austrheim:
Har testa 1045 - ingen nye med smitte. Status 11.12.20
Ingen nye smitta i statistikken for Austrheim dei siste dagane. Les meir om status per 11. desember her:
Opphever lokal forskrift - nasjonale tiltak gjeld. Status 7.12.20
Frå måndag føremiddag, 7. desember, er det dei nasjonale Korona-tiltaka som gjeld også i Austrheim. Les meir her:
Tre nye smitta - avgrensa smitteomfang. Status 4.12.20
Med ein ny Korona-smitta i dag har det komme tre nye smitta i statistikken for Austrheim dei siste dagane. Les meir om status per 4. desember her:
Ingen ny smitte - status 27.11.2020
Per fredag morgon er det tatt 973 Korona-testar så langt i år. Ingen testar tatt denne veka har gitt utslag på Korona. Les meir om status per 27. november her:
Forlengar Korona-tiltak - opnar for besøk i heimane - status 24.11.2020
Kommunestyret i Austrheim har i dag tysdag 24. november vedteke ei forskrift som forlengar dei smitteverntiltaka som har vore gjeldande dei siste to vekene. Les meir her om vedtaket i kommunestyret 24. november
To med Korona-smitte siste ti dagar, status 20.11.20:
Dei siste ti dagane er det to personar som har testa positivt for Korona, slik at det sidan mars er 14 innbyggjarar i Austrheim som har testa positivt på dette viruset. Dei to som er smitta er sette i isolasjon, og nærkontaktar er i karantene. Les meir her om status per fredag 20. november:
Austrheim innfører tiltak tilsvarande Bergensregionen, status 6.11.2020
Kommunen følgjer frå fredag 6. november dei Korona-tiltaka som er innførte av Bergen kommune, og kommunane rundt. Austrheim reknar seg som ein del av bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Bergen, og det er naturleg å ha same tiltak mot Korona. Her er det som gjeld frå og med måndag 9. november:
Austrheim følgjer nasjonale råd, og med tillegg likt nabokommunane, status 29.10.2020
Her kan du oppdatera deg på nasjonale og lokale råd og krav. Les meir her om status per torsdag 29.10.20:
Fleire i isolasjon, men ikkje lokalt utbrot, status 23.10.20
Det er personar i Austrheim med Korona-smitte, men desse er ikkje smitta lokalt. Les meir her om status per fredag 23.10.20:
Ein med Korona-smitte, men ikkje lokalt utbrot, status 16.10.20
Ein person registrert med Korona-smitte i Austrheim, per fredag 16.10.20. Det betyr at det er 12 personar som er registrert smitta med Korona i Austrheim per i dag, etter at rundt 700 er testa. Les meir her:
Ikkje fleire med Korona-smitte sist veke, status 2.10.20
Etter 23. september er det ikkje stadfesta fleire med Korona-smitte i Austrheim. Det betyr at det framleis er 11 personar som er registrert smitta med Korona i Austrheim per i dag, etter at rundt 650 er testa. Les meir her:
Lettar på smitteverntiltaka i Austrheim, status 30.09.20
Kommunal kriseleiing (KKL) vedtok 30. september å letta noko på smitteverntiltaka, etter at smittetala har gått ned. Les meir her:
Elleve registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 25.09.20
Status for Korona-smitte i Austrheim, per fredag 25.09.20.
Ti registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 21.09.20
Per måndag 21. september er det registrert ti med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.
Åtte registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 18.09.20
Per fredag 18. september var det registrert åtte med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.
Fire registrert med Korona-smitte i Austrheim, status 15.09.20
Per 15. september var det registrert fire med Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.
Korona-smitte registrert i Austrheim, status 10.09.20
10. september var det for første gong registrert Korona-smitte i Austrheim. Les meir her.
Kor mange er smitta i Austrheim?
Folkehelseinstituttet (FHI) brukar eit eige meldingssystem for smittsame sjukdommar, som heiter MSIS. Avisa VG hentar data direkte frå MSIS, slik at avisa har oppdaterte tal om smitte straks dette er registrert i systemet. Du kan kikka på VG sine smittetal for Austrheim her (ekstern lenke).
Ring legen om du mistenker smitte, ikkje oppsøk legekontoret
Alle som trur dei kan vera smitta skal ringa Austrheim legekontor på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117. På telefon skal ein avklara om det skal testast for Korona-smitte, noko som eventuelt skal skje i heimen eller andre stader utanfor legekontoret.
Folkehelseinstituttet har oppretta ein eigen Informasjonstelefon om koronavirus, der ein kan ringa 815 55 015 dersom ein har generelle spørsmål om sjukdommen og smitte.
Ved mistanke om smitte skal ein altså kontakta Austrheim legekontor på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117.
Testing av Korona skjer ved legekontoret
For dei som skal testast for Korona/Covid-19, så skjer dette ved legekontoret på Austrheim kommunehus. Tid for testing skal avtalast på førehand.
Dei som skal testast vert teke inn på baksida av kommunehuset, der parkeringsplassen er reservert for teste-køen. Du skal sjølvsagt ikkje gå inn den vanlege inngangsdøra til legekontoret om du skal testast for Korona/Covid-19.
For testing kan du kontakta legekontoret på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00.
Retningslinjer for besøk på Nordliheimen
På grunn av situasjonen med Korona-smitte i kommunen, er det frå 18. september innført nye reglar for besøk på Nordliheimen. Desse finn du her.
Symjebassenget stengt, ikkje utlån av kommunale bygg
Symjebassenget på Kaland vert tidlegast opna for sesongen den 1. oktober. Skulebygg er ikkje opna for bruk til anna enn undervisning, og kan tidlegast lånast ut til anna bruk den 15. september.
Men er det eigentleg plass til alle på festen?
Det er mogleg å ha private samankomstar både i hus, hage og leigde lokale, men det er framleis ikkje fritt fram for å invitera heile slekta eller nabolaget. Les meir her:
Tidlegare saker om Covid-19/Korona:
Covid-19 og turistar til Austrheim
Det er framleis slik at Utanriksdepartementet rår frå alle utanlandsreiser som ikkje er strengt naudsynte, eit reiseråd som i utgangspunktet gjeld til 20. august 2020. 15. juni vart det gjort unntak for nordiske land som dokumenterer lågt smittepress, og dette vert frå 15. juli utvida til også å gjelda land i EØS og Schengen.
Når det er lov å reisa frå Norge til desse landa betyr det samstundes at det er lov å reisa frå desse landa til Norge, slik at reiser til/frå andre land med lågt smittepress kan ta seg opp. Tilreisande frå land med lågt smittepress har i utgangspunktet ikkje karanteneplikt.
Auka reiseaktivitet til og frå Norge, og også mellom regionar i Norge der smittepresset varierer, kan gjera at smittepresset aukar her i Austrheim. Helsedirektoratet oppmodar alle til å halda seg informerte om:
- generelle smittevernråd - plakat norsk og engelsk
- kva du gjer om du får luftvegssymptom, og korleis kan du få testa deg - plakat norsk og engelsk
- reglane for innreisekarantene, og for isolasjon (ekstern lenke)
Med enkle førehandsreglar kan me halda smittepresset nede, og unngå tilfelle av Covid-19/Korona i våre familiar og lokalsamfunnet.
Stopp smitten:
- hald minst 1 meter avstand
- vask hender ofte og grundig
- hald deg isolert dersom du er sjuk
Test deg om du er sjuk:
- dersom du får symptom som feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller generell sjukdomskjensle skal du ringa lokalt legekontor på 56 16 82 00 (i opningstida), eller legevakt på 116 117 for testing. Undersøking og testing for Covid-19/Korona er gratis for alle.
Karantenereglar:
- Mange må i karantene når dei reiser inn i Norge. Gjeld dette deg?
Oversikta finn du på helsenorge.no/coronavirus (ekstern side)
Dette er reglane for besøk på Nordliheimen, per 30. juni
- Kan ha besøk 2 gonger pr veke
- Kun 1 besøkande pr gang (husstandsmedlemmer reknast som 1 besøkande)
- Må ringe og avtale tidspunkt
- Besøkande må vere friske, fri for luftvegssymptom
- Må utføre håndhygiene ved ankomst (innandørs og utandørs besøk)
- Må gå direkte til rommet/besøksrommet
- Må holde minst 1 m avstand til bebuare, ansatte og den dei besøkjer
- Besøkande kan trille rullestol utandørs
- Max 2 bebuarar kan få besøk samtidig (evt. fleire ved utandørsbesøk)
- Må loggføre besøk
- Følge oppdaterte retningslinjer frå FHI
Vi treng helsepersonell
Har du helsefagleg kompetanse, men jobbar med andre oppgåver til dagleg?
Då vil vi gjerne høyre frå deg:
Klikk her for å fylle ut registreringsskjema
Vi kontaktar og gjer avtale med aktuelle personar. Har du spørsmål kan du sende e-post til personal@austrheim.kommune.no
Har du skule- eller barnehagefagleg bakgrunn?
I samband med utbrotet av Koronavirus (Covid-19) ønskjer Austrheim kommune å rekruttere personar med skule - og barnehagefagleg kompetanse, som ikkje allereie jobbar i denne sektoren, til mellombels oppdrag.
Har du utdanning eller erfaring frå skule eller barnehage, og kan bidra er vi glade om du registrerer deg.
Skjema for registrering av skule- og barnehagefagleg bakgrunn
Barnehagane opnar att måndag 20. april
Det er bestemt at barnehagane skal opnast att frå måndag 20. april. 15. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i barnehagar, som også vil gjelda her i Austrheim når barnehagane opnar att.
Opningstida var redusert i starten etter opninga, men er no tilbake til det vanlege.
Her finn du brevet frå kommunalsjef oppvekst og kultur, Bjørnar Fjellhaug.
Foreldrebetaling i barnehagane etter opning 20. april
Barnehagane og SFO har no opna opp att. Når det gjeld brukarbetaling gjeld ordinære reglar, uavhengig av antal timar tilbodet omfattar. Om du hadde full plass før Korona, så betaler du for full plass, sjølv om opningstida no er redusert til 08.00 til 15.30. Denne opningstida er sett inntil vidare, av smittevernhensyn. Dette vert endra når kommunen ser at ein kan ha lengre opning og samstundes oppretthalda smittevernet.
Foreldre/føresette som held barna heime utan helseårsaker, må betale eller seia frå seg plassen. Foreldre kan søka om moderasjon i foreldrebetalinga i barnehage og SFO på ordinær måte.
Når det gjeld oppseiingstid av plass i barnehage og SFO, er det normalt 3 månader. Vi gjer no unnatak frå regelen og dersom ein seier frå seg plassen etter 1. april, vil vi inntil vidare ha ein månad oppseiingstid.
Bjørnar Fjellhaug - kommunalsjef oppvekst og kultur
Skulane (1. til 4. trinn) opnar att måndag 27. april
Det er bestemt at barnehagane skal opnast att frå måndag 27. april. 20. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i skular, som også vil gjelda her i Austrheim når skulane opnar att.
Her finn du brevet frå kommunalsjef oppvekst og kultur, Bjørnar Fjellhaug.
Har opna igjen for overnatting i bubil/camping/båtar, og det er lov å opna camping-/bubil-/gjestehamnplassar. Sanitæranlegg er delvis stengde
Sidan før påske var det etter eigne vedtak i Kommunal kriseleiing (KKL), deretter i formannskap og kommunestyre, vore forbode med overnatting i campingvogner, fritidsbåtar og bubilar i Austrheim. Forbodet galdt dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen, og var ein parallell til det nasjonale hytteforbodet.
No som det nasjonale hytteforbodet ikkje gjeld lengre (frå måndag 20. april), har også Austrheim sitt forbod gått ut. I tillegg gjeld heller ikkje forskrifta om stenging av campingplassar, bubilcamping og gjestehamner, denne er oppheva etter vedtak i KKL den 20. april.
Samstundes som dei lokale restriksjonane er oppheva, så gjeld framleis det statlege tilrådinga om fritidsreiser:
- Selv om det etter denne datoen ikke blir straffbart å overnatte på hytta, gjelder fortsatt rådet om å unngå unødvendige fritidsreiser. Dette rådet gjelder inntil videre. (Helsedirektoratet.no)
Det som framleis gjeld for camping og bubilparkering, er at sanitæranlegga skal haldast delvis stengde. Det er lov å ha toalett/handvask ope, men ikkje andre fellesareal. Dette på grunn av at det ville krevja omfattande smitteverntiltak om fellesareal som dusjar og kjøkken skulle kunna haldast ope på ein trygg måte.
Dette er etter vedtak i kommunestyret 14. mai, og forskrifta ser slik ut:
Dette er tidlegare vedtak som no er oppheva:
· Austrheim kommune vedtar at det er forbode med overnatting i fritidsbustader, campingvogner, fritidsbåtar og bubilar i Austrheim for dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen. Forbodet gjeld ikkje personar som nyttar dette til pendlarbustad i samband med yrkes- og arbeidsutføring.
Vedtaket var gjort i formannskapet 3. april, stadfesta av kommunestyret i møte 8. april. Vedtaket repetert i KKL (Kommunal kriseleiing) den 14. april, stadfesta av kommunestyret i møte 16. april. Kommunestyret sa den 16. april at vedtaket skal gjelda til 20. april, altså med lik varigheit som det nasjonale "hytteforbodet". Vedtaket er heimla i Smittevernlova § 4-1D.
Dette er forskrifta (klikk her for å lesa) som ikkje gjeld lengre no, etter vedtak i Kommunal kriseleiing måndag 20. april:
· Austrheim kommune vedtar forskrift om stenging av campingplassar, bubilcamping og gjestehamner, i samband med Covid-19.
· Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare. Forskrifta vert oppheva når tiltaka ikkje lenger er naudsynt, jf. smittevernlova § 4-1, 5. ledd.
Er du bekymra for eit barn? Barnevernet har alltid ope!
Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at nokon familiar og barn treng ekstra merksemd. Vi er alle sårbare i ein slik situasjon og for nokon blir denne perioden ekstra vanskeleg.
Er du bekymra for om ein familie treng ekstra hjelp? Vi er i beredskap heile døgnet!
Ta kontakt med barnevernstenesta i Austrheim på tlf. 56 16 20 00 (08.00-15.30). Ettermiddag, kveld og helg, ring barnevernvakten på tlf. 55 36 11 80 / eller politiet på 02800. Du kan også sende epost til post@austrheim.kommune.no
Kjenner du sakshandsamar, kan du ta direkte kontakt med vedkomande. Sjå elles heimesida vår for oppdatert informasjon.
For barn og ungdom: Har du det vanskeleg heime, eller bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barneverntenesta, eller alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111.
Tilbodet frå helsestasjon og skulehelseteneste
Kjære alle brukarar av helsestasjonen og skulehelsetenesta. For å begrense smittespreiing under koronautbrotet reduserer helsestasjonen og skulehelsetenesta drifta ei tid framover.
Helsestasjonen:
Helsestasjonen skal vera ein trygg plass å komma til. Det er fokus på hygiene og ein kjem å halda avstand der det er mogleg. Ved eventuelt endring i timeavtalar vert kvar og ein kontakta.
• Ingen sjuke uansett orsak skal komma til helsestasjonen
• Ingen i karantene pga koronavirus skal komma
• Ingen søsken skal vera med
• Dersom mogleg skal berre ein vaksen fylgje barnet
• Ta med eigen leike, alle leikane her er fjerna.
Skulehelsetenesta:
Ring eller send SMS om du ynskjer kontakt med helsesjukepleiar på skulen.
Kvardagen er no annleis for dei fleste av oss. No gjeld det å ta vare på seg sjølv og andre. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon og. Ta gjerne kontakt om det er spørsmål eller behov for råd eller samtale. Dette gjeld både foreldre, småborn, skuleborn og ungdom.
Alarmtelefonen for born og unge: 116 111
Mental helse sin hjelpetelefon: 116 123
Helsing helsesjukepleiarane i Austrheim:
Gudny Sognnes, mob: 414 77 713
Ragnhild Syslak, mob: 945 06 746
Kjersti Torstensen, mob: 408 02 756
Treng du hjelp til handling?
Må du halde deg heime på grunn av koronaviruset og treng hjelp til varehandel og levering?
Frivilligsentralane i Austrheim og Alver, saman med Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar, går no saman og er klare til å bistå. I Austrheim er dette eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Lindåsneset saniteslag, Årås sanitetsforening og heimesjukepleien.
Dette kan vi hjelpe deg med:
Vi hjelper deg med daglegvarer, apotekvarer og andre naudsynte leveringar. Ikkje ta kontakt om du har andre personar som kan hjelpe deg med desse oppgåvene.
Du kan ta kontakt med oss på e-post: post@austrheim.kommune.no eller telefon 56 16 20 00.
Når du tek kontakt på e-post, pass på at du får med namn, adresse, telefonnummer og kva du treng hjelp til.
Hjartetelefon for barn og ungdom i Austrheimskulen
Skulane er no stengde, i første omgang fram til 13. april. Dette gjer at kvardagen er annleis enn den er vanlegvis, og vi veit at kvardagen kan vere vanskeleg og krevjande for mange.
Det er slik at ein ikkje kan vere saman med dei ein vanlegvis er saman med, skulekvardagen er annleis, og ein har ikkje det vanlege sosiale nettverket. Vi veit at kvardagen kan vere krevjande og for nokre vanskeleg, og dei trygge vaksne som ein vanlegvis pratar med, er ikkje der på same måte.
Vi ynskjer å vere tilgjengeleg for deg som elev, som kanskje treng nokon å prate med i denne vanskelege og annleis tida vi er i.
Skulane har sendt ut informasjon gjennom det digitale systemet om at det er kontaktpersonar ved Kaland og Årås skular som elevane kan ringje til, om dei ynskjer nokon å prate med, no når skulane er stengde.
Vi ynskjer å vere her for deg, og vi skal også vere tilgjengeleg og følgje opp.
Elevar ved Årås kan ringje: (i tidsrommet 08.30 til 14.30 på vekedagar)
Elevar på 1. - 7. trinn kan ringje Gunn Håland Dyrkolbotn, tlf. 456 32 008
Elevar på 8. - 10. trinn kan ringje Tone Hatlem, tlf. 922 83 201
Elevar ved Kaland kan ringje: (i tidsrommet 08.30 til 14.30 på vekedagar)
Elevar på 1. - 7. trinn, Helga Styve Hellestveit tlf. 916 84 436
Elevar på 8. - 10. trinn, Evelyn Monslaup tlf. 478 22 966
Ta kontakt anten med dei som er nemnde her, eller kontaktlæraren din om du treng nokon å prate med. Vi er her for deg!
Ta vare på kvarandre, hald hovudet kaldt og hjarta varmt!
Bjørnar Fjellhaug - kommunalsjef oppvekst og kultur
Eksamen avlyst for 10. klasse
Alle eksamensprøvar for 10. trinn 2020 er avlyste på grunn av situasjonen kring Korona/Covid-19. For elevar i den vidaregåande skulen er alle skriftlege eksamensprøvar avlyste denne våren. Les meir hjå Utdanningsdirektoratet, på www.udir.no.
Startlån, treng du utsetting?
Austrheim kommune har lånt ut ein del midlar som startlån, anten som fullfinansiering av bustad eller etter tidlegare reglar også som toppfinansiering i tillegg til lån i privat bank. Dersom du har fått endra arbeidssituasjonen din i samband med den pågåande situasjonen kring Korona/Covid-19, er det mogleg å få avdragsutsetting på startlånet. Dette betyr at du for ein periode betaler berre renter og gebyr, og ikkje avdrag.
Du må eventuelt søka om slik utsetting, send søknad på e-post til post@austrheim.kommune.no
Å utsetja å betala på lånet er ikkje gratis, sidan hovudsummen du betaler renter på ikkje vert redusert så lenge du ikkje betaler avdrag. Så helst bør du klara å betala avdrag og renter som no.
NAV - Informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
Nav i Nordhordland har samla viktig informasjon til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Her finn du mellom anna informasjon om permitteringar/ oppseiingar.
Du finn informasjonen på ei samleside hjå Nordhordland Næringslag:
Og her er ein informasjonsfilm til hjelp for arbeidsgjevarar som skal permittera:
Nav Austrheim stengt for publikumskontakt
Publikumsmottaket til Nav er stengt inntil vidare, som eit førebyggande tiltak mot smitte av Korona/Covid-19.
Ved søknader om krisehjelp, så er det oppretta ein eigen vakttelefon for Nav Fensfjorden. Nummeret er 413 97 364, der kan du ringa mellom klokka 08.30 og 14.30 på kvardagar. Kontakt med Nav elles skjer på telefon 55 55 33 33, eller via nav.no.
Sjå også: Nav Austrheim er stengt - her finn du informasjon
Her finn du nasjonal informasjon på nav.no i samband med korona-viruset.
På sida det er linka til over, finn du informasjon om:
- Sjukepengar i samband med korona-viruset
- Rett til omsorgspengar når skule og barnehage er stengde
- Permitteringar som følgje av korona-viruset
- Akuttolk for døve, døvblinde og hørselshemmede
Stenger Servicekontoret for publikumskontakt
Som eit ledd i arbeidet med å førebygga og redusera smitteomfanget av Korona/Covid-19, vert Servicekontoret stengt for publikum frå og med måndag 16. mars.
Dette betyr at dersom du har eit ærend på kommunen må du ringa først, 56162000, og så vert det vurdert om me kan hjelpa deg på telefon. Om svaret er at du kan komma på kommunehuset, så kjem du til låst dør, og vert sleppt inn etter avtale.
Frå måndag 30. mars er opningstida på telefon fastsett til 09.00 til 15.00.
Nav Fensfjorden har allereie stengt sine kontor for all publikumskontakt.
Ved søknader om krisehjelp, så er det oppretta ein eigen vakttelefon for Nav Fensfjorden. Nummeret er 413 97 364, der kan du ringa mellom klokka 08.30 og 14.30 på kvardagar. Sjå også: Nav Austrheim er stengt - her finn du informasjon
Tiltaka skal hindra at det kjem smitte inn på kommunehuset, for i neste omgang gå vidare til leiinga av helse og anna, personar som er viktige for å styra kommunen sitt arbeid mot Korona/Covid-19.
Legekontoret vil framleis vera ope. Dei har tatt ned sin aktivitet så langt det let seg gjera, og har lagt til rette med handsprit, større avstand mellom ventande, med meir, for å unngå smittespreiing. Me kan ikkje få sagt for ofte kor viktig det er at du ikkje oppsøker legekontoret dersom du har mistanke om smitte, men ringer først.
Ved mistanke om smitte skal ein altså kontakta Austrheim legekontor på 56168200, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117.
Gjeldande råd for testing av Covid-19 (oppdatert 13. mars)
Smittevernarbeidet i kommunen baserer seg på føringar gitt nasjonalt, og det endrar seg etter kvart som sjukdomsspreiinga vert utvida.
- Dei som er i heimekarantene skal ikkje testast for Korona/Covid-19. Desse skal heller ikkje kontakta helsevesenet, med mindre dei har konkrete behov for helsehjelp. Testing er no kun for visse pasientgrupper og helsepersonell som har luftvegssymptom.
- Dei som skal testast for Korona/Covid-19 er dei som er omfatta av følgjande:
* Pasientar med innsettande luftvegsinfeksjon med behov for innlegging på sjukehus.
* Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon som er lagt inn, for alle helseinstitusjonar.
* Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftvegsinfeksjon.
* Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av Covid-19. Kva som vert rekna som nærkontakt vert avgjort av lokal helse-eining.
* Særleg sårbare grupper kan vurderast for testing sjølv ved milde symptom.
Eg mistenker smitte, skal eg testast?
Eit mistenkt tilfelle av Korona/Covid-19 skal per i dag (13. mars) slå inn på desse kriteria: Pasientar med akutt lkuftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kort pust, feber, og som i løpet av dei siste 14 dagar før symptomdebut, oppfyller minst eitt av følgjande kriterie:
- Har vore i eit område med utbredt spreiing av Korona/Covid-19.
- Har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av Korona/Covid-19.
- Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå, eller på annan måte hatt tilsvarande nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med Korona/Covid-19, uavhengig om det er brukt verneutstyr.
- Har vore på reise utanom Sverige og Finland, er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid (inkludert studentar).
- Har vore på reise utanom Sverige og Finland, og er innlagt på helseinstitusjon.
Pålegg om heimekarantene
- Helsedirektoratet har gitt pålegg om at alle som har vore på reise utanfor Sverige og Finland, i perioden etter torsdag 27. februar, er i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. (Då pålegget kom den 12. mars omfatta det også andre medlemmer i husstanden, men dette gjekk Helsedirektoratet vekk frå den 13. mars).
Heimekarantene/isolering heime gjeld også dersom:
- Du har mistanke om at du kan vera smitta.
- Det er stadfesta at du er smitta.
- Du er stadfesta sjuk av Covid-19/Korona, men det er ikkje naudsynt med innlegging på sjukehus
- Du har hatt nær kontakt med ein som er stadfesta smitta, eller du bur saman med ein som er stadfesta smitta (nærkontakt).
Så lenge du er i heimekarantene, er det særleg viktig at du er årvaken på utvikling av symptom, som hoste, halsbetennelse, kortpust eller feber. Dersom du er nærkontakt til ein person med påvist Korona/Covid-19 og får symptom, skal du kontakta lege.
Kva er heimekarantene?
Heimekarantene er å vera heime, og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med. Heimekarantene omfattar å:
- Ikkje gå på jobb eller skule (skular er stengde, men ha sjølvsagt kontakt med arbeidsgjevar).
- Unngå reiser
- Ikkje ta offentleg transport.
- Unngå andre stader der du kjem tett på andre.
- Unngå nærkontakt med andre.
Kva er heimeisolasjon?
Å vera isolert heime betyr at du er isolert i eigen bustad, og heller ikkje skal ha tett kontakt med dei du bur saman med. Dette gjeld alle med mistanke eller stadfesta sjukddom med Korona/Covid-19 heilt til friskmelding av lege.
Kommunen har sikra seg kapasitet som står klar dersom det etter kvart vert behov for å isolera innbyggjarar andre plassar enn i eigen heim.
Kan du hjelpa til med utkjøring av mat?
Austrheim kommune treng no hjelp av frivillige til middagskøyring til heimebuande eldre i kommunen vår.
Middag vert køyrd ut kvar dag frå kl. 13.30 (7 dagar i veka). Dette tek ca. 2 timar. Ruta kan eventuelt delast på to.
Har du høve til å hjelpa? Ta kontakt med Frivilligsentralen v/ Rigmor Ludvigsen, telefon 456 35 324