HjemNyheterKorona-status per fredag 27.11.20

Korona-status per fredag 27.11.20

Per fredag morgon er det tatt 973 Korona-testar så langt i år i Austrheim. Talet på smitta sidan pandemien starta er framleis 14, etter at ingen testar tatt denne veka har gitt utslag på Korona.

Lokal forskrift i samband med Korona:

  • Dei lokale tiltaka i samband med Korona gjeld fram til og med tysdag 8. desember. Forskrifta er vedteken av kommunestyret i deira møte 24. november. Her finn du forskrifta:
  • Etter dette vedtaket vart det sendt informasjon på SMS til alle i Austrheim.
  • Tiltaka i Austrheim ligg tett opp til det som gjeld for Bergen og dei næraste nabokommunane, som Alver.
  • Forskrifter som er vedtekne her og i nabokommunar skal med ulike tiltak hjelpa til å få smitten ned. Håpet er at tiltaka saman skal gjera det mogleg å opna meir opp inn mot julehøgtida, sjølv om jula 2020 nok ikkje vert heilt som vanleg. 

Engasjerer Røde Kors til informasjonsarbeid:

  • Vedtaket i kommunestyret er på mange måtar inngripande i dagleglivet til den enkelte, sjølv om det no er opna litt opp for besøk. Næringslivet vert også råka av tiltaka, med redusert kapasitet og ulike pålegg som skal sikra smittevernet.
  • Kommunen ønskjer også å gjera sitt for å hjelpa til, og vil dei kommande vekene stå for informasjon og utdeling av munnbind i samband med handel på matvarebutikkane i kommunen. Så om du møter nokre hyggelege Røde Kors-representantar under handleturen no før jul, så er det altså kommunen som har engasjert desse til å informera om smittevern.

Nasjonale føringar i samband med Korona:

  • Dei nasjonale reglar og råd finn du på Folkehelseinstituttet si heimeside fhi.no. Lokal forskrift gjeld som ei innstramming av nasjonale reglar og råd, slik at det nasjonale gjeld også i Austrheim, på område som den lokale forskifta ikkje omfattar.

Smittetalet i Austrheim:

  • Etter å gjennomført 947 testar (per 27. november), er det 14 av våre innbyggjarar som har testa positivt for Korona. Kommunen hadde eit smittehopp i september, men har sidan klart å redusera smitten ved hjelp av smittesporing, isolasjon for dei smitta og karantene for nærkontaktar.
  • Det er ingen positive testar sist veke.
  • Registreringa av smitta baserer seg på kvar ein er folkeregistrert. Ein tilreisande, som ikkje bur fast i Austrheim, kan dermed vera i isolasjon i vår kommune etter positiv koronatest, utan at det viser på vår statistikk.

Informasjon frå kommunen:

  • Denne informasjonen du les her vert lagt ut på kommunen si heimeside, delt på kommunen si side på Facebook, og sendt som e-post til kommunalt tilsette.

Det grunnleggande er viktig:

  • Alle må passa på og følgja dei generelle råda: Som at ein ikkje går på butikken om ein er i karantene, ikkje går ut av huset om ein er i isolasjon, og elles vaskar hender godt og brukar handsprit der du ikkje kan vaska hendene med såpe.

Har du spørsmål kring desse tiltaka, kan du senda ein e-post til kommunen på post@austrheim.kommune.no

 

 


Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 27.11.2020