HeimNyheterDetaljregulering Keilevegen Næringsområde

Detaljregulering Keilevegen Næringsområde

Austrheim kommune sitt formannskap la den 26. august i sak 086/21 Detaljregulering Keilevegen Næringsområde, Mongstad, planid. 2015005 ut på offentleg ettersyn.

Føresegn 5.1.1 og 5.1.2 vert endra som vist under:

5.1.1 Keilevegen Før igangsetjingsløyve innanfor felt BI1-4 skal Keilevegen, frå kryss ved fylkesveg 57 fram til og med SKV4, vera sikra opparbeid iht. reguleringsplan for Fv57 parsell Austrheim grense- Mongstad del 1, plan ID 201600900. Vegen skal sikrast med fortau og vegstandard i samsvar med godkjent detaljplan. Kryss mellom Keilevegen og FV57 må utbedrast med utforming ihht. vegnormer og tilpassa dagens situasjon og være godkjent av rette vegmynde.

5.1.2 Kryss Keilevegen/FV 57 Før igangsetjingsløyve for felt BI 1 -4 skal Kryss Keilevegen x Fv57 sikrast med planfri kryssing og rundkøyring. Rekkefølgjekrav er oppfylt for det aktuelle tiltaket dersom tiltaket er opparbeidd eller er «sikra opparbeidd», gjennom at utbyggar/ grunneigar enten har inngått forpliktande utbyggingsavtale eller annan avtale med Austrheim kommune og/eller forpliktande avtale med Vestland fylkeskommune om gjennomføring av tiltaket.

Plandokumenta med planomtalen er datert den 10.08.2021 og reguleringsplankartet den 26.06.2021. Reguleringsføresegna er datert den 18.06.2021 og ROS-analyse den 22.06.2021. Illustrasjonsplanen er datert den 21.06.2021. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-10.

Planforslaget legg til rette for etablering av nytt industriområde sør for Keilevegen. Industriområde kan nyttast til næring og industri som har lågt farepotensiale og låg miljøbelastning i form av ureining og støy. Deler at planområdet er i Alver kommune og detaljreguleringa skal også handsamast der.

Du kan lesa om detaljreguleringa på kommunehuset eller her på Austrheim kommune si heimeside, her er link til saka som var oppe i formannskapet torsdag 26. august:

Detaljregulering Keilevegen Næringsområde

Merknadar til planforslaget må sendast til Austrheim kommune innan 12. oktober 2021.

Adressa er:
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 31.08.2021
Publisert: 31.08.2021