HjemNyheter846 har fått vaksine mot Korona

846 har fått vaksine mot Korona

Vaksinestatus i Austrheim per 30. april er at 846 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 207 også fått den andre og siste dosen.

Det er planlagt vaksinering i Austrheimhallen på torsdagar vidare, også i mai månad (med unntak av 13. mai som er Kristi Himmelfartsdag, den veka vert det vaksinering tysdag 11. mai). Som tidlegare er det slik at legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine.

Vaksineringa følgjer den nasjonale prioriteringa, no vert det gitt vaksine til innbyggjarar i alderen rundt 65 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen.

Lagar vaksineplan for vår/sommar

For vaksinering den 6. mai får kommunen 90 dosar. Som ein kommune med lite smitte så langt, har Austrheim måtta gje frå seg ein del av vaksinedosane til kommunar med høgare smitte, det gjera at vaksineringa går noko seinare her i vår kommune.

Legekontoret vil no sjå på den planlagde vaksinetildelinga framover våren/sommaren, for å kunna gje ei oversikt over når innbyggjarar i ulike aldersgrupper kan rekna med å få dose 1 og 2. Når denne planen er klar, vil me dela den på kommunen si heimeside.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

Medan Austrheim har unngått smitte, er det oppdaga smittetilfelle i andre kommunar i regionen, mellom anna smittetilfelle mellom elevar i ungdomsskulealder og på vidaregåande skule. For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper. Som tidlegare bør ein avlysa eller utsetja arrangement der det er mogleg, og generelt unngå å blanda grupper, særleg over kommunegrensene.

Nasjonale reglar gjeld

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er.

Austrheim kommune har elles ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane.


Sist oppdatert: 30.04.2021
Publisert: 30.04.2021