HeimNyheter6. klasse stiller ut

6. klasse stiller ut

Kunstutstilling 6 klasse - Kunsthuset

Laurdag 15. februar og laurdag 22. februar vert det vernissasje, frå klokka 11.30 til 14.30 begge dagar.

Utstillarane er elevane i 6. klasse ved Årås skule og Kaland barne- og ungdomsskule, som har hatt eit kunstprosjekt saman med Olaug Sætre og Grethe Andvik frå Kunsthuset Austrheim.

Elevane har laga sjølvportrett i akvarellmåling, og ullbilete med våt-toving. 

- Elevane har måla "selfiar" som er monterte i rammer, desse får skulane etter utstillinga. Og så har dei tova bilde, som elevane får med seg når utstillinga er ferdig, seier Olaug Sætre. 

- Dette har vore eit veldig spennande prosjekt, der både me og elevane har kost oss.

Når det er vernissasje vert det servert forfriskingar. Elevane i 6. klasse og deira familiar/vener er spesielt velkomne.

Kunstutstilling 6 klasse - Kunsthuset

 

Kunstutstilling 6 klasse - Kunsthuset


Sist oppdatert: 14.02.2020
Publisert: 13.02.2020