HjemNyheter4. dose Korona-vaksine

4. dose Korona-vaksine

Vaksineringa vil skje i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00.

Det er ikkje naudsynt å bestilla plass til vaksinering. Det er berre å møta opp, og så blir det gitt vaksine til lageret er tomt.

Det er ein del personar over 75 år som har tatt kontakt med kommunen for å få vaksine. Legekontoret vil ta kontakt med desse i forkant av vaksineringa torsdag 25. august.

Det er fint om pårørande til dei som eventuelt ikkje er aktive på nett, orienterer sine om moglegheita til å få 4. dose Korona-vaksine.

Det er planlagt fleire vaksinerundar i haust for Korona-vaksine, også ned i aldersgruppene, men noko dato er ikkje klar enno.

I samband med vaksineringa vert Austrheimhallen stengt torsdag 25. august, frå klokka 14.00 og ut dagen.


Sist oppdatert: 19.08.2022
Publisert: 19.08.2022