HeimNyheter19. november er verdas dodag

19. november er verdas dodag

Logo dodag

No er det jo ikkje sikkert at toalettet er det minste rommet i huset ditt. Men om det er lite i areal, er det likevel veldig viktig. Toalett og vatn er jo mellom dei tinga som ein ikkje tenkjer på når det fungerer, men som er veldig irriterande når noko er gale.

Nesten katastrofe, faktisk. Tenk å ikkje kunna gå på do heime når du må? Det er diverre situasjonen for mange rundt i verda, og fredag 19. november er FN sin eigen offisielle toalettdag. 

FN-dag sidan 2013

Rundt om i verda er det i alt 673 millionar menneske som ikkje har tilgang på toalett i det heile, og må gå på do utandørs, ifølgje tal frå FN. I tillegg er det mange som ikkje har tilgang på vatn i springen og såpe på flaske slik som me har. Etter FN sine utrekningar er det heile 40 prosent av alle menneske på jorda som ikkje har tilgang på såpe og vatn heime.

Men kva betyr ein FN-dag for toalettet for deg? Du har kanskje både kommunalt vatn og kommunalt avløp, og for ein passeleg årleg sum kan du både henta frå og levera til det kommunale nettet.

Kanskje kan Do-dagen få deg til å hugsa på korleis du skal bruka toalettet, slik at det skal fungera for både deg og naboane.

Dovett

Då snakkar me sjølvsagt om dovett, den korte men likevel viktige fetteren til fjellvettreglane. Ei regle som minner deg om at toalettet ikkje er ei bossbøtte, og at alt avfall som bind eller Q-tips skal kastast i bossbøtta og ikkje i do.

Det er berre dette som skal i do: Tiss, bæsj og dopapir.

Alt anna skal i bossbøtta og vidare til restavfallsdunken. Kastar du det i do kan det tetta røyra både i huset ditt eller i nabolaget, det kan øydelegga pumpe- og reinsestasjonar, og det vil til slutt enda opp som mikroplast og forsøpling ute i havet. 

Og slik skal vi jo ikkje ha det.

Undervisningsopplegg om vatn for grunnskule og vidaregåande, klikk her (ekstern lenke):

Engelskspråkleg FN-side om World Toilet Day - 19. november, klikk her (ekstern lenke):

 


Sist oppdatert: 18.11.2021
Publisert: 18.11.2021