HeimNyheter1.234 testar gjennomført, ingen smitte siste to månader

1.234 testar gjennomført, ingen smitte siste to månader

Med dei testane som er tekne fredag 5. februar, er det gjennomført 1.234 Korona-testar her i Austrheim. Rett nok er det noko færre personar som er testa, sidan det er ein del som er testa fleire gonger.

Dei tiltaka som gjeld, og den innsatsen folk i Austrheim har lagt ned for å oppretthalda smittevernet, gjer at det no er kring to månader sidan det var lokale utbrot av Korona. Det er dei nasjonale Korona-tiltak som gjeld i vår kommune, dei finn du her på nettsida til Regjeringa, www.regjeringen.no.

Nasjonalt er trenden for smittespreiing nedagåande, men likevel er det relativt sett høg risiko for at ein kan få lokale utbrot rundt om i landet, som ein har sett på Austlandet og i Ulvik kommune her i Vestland.

For vaksinering er det no Pfizer sin vaksine som vert tildelt og brukt. Dei som skal ha vaksine, får dette fordelt i to dosar. Samanlikna med landet elles ligg Austrheim godt an med vaksinering. Etter å ha starta med bebuarane på sjukeheimen, og deretter ein del prioritert helsepersonell, er ein no godt i gang med vaksinering av dei over 85 år, og har også byrja med dei i aldersgruppa 75-84 år.

Det er planlagt med vaksinering på kveldstid, for å rekka over alle. Kommunen vil så langt ta vaksineringa på legekontoret og andre lokale på kommunehuset. Legekontoret har oversikt over kven som får tilbod om vaksinering. Det er ikkje behov for å ringa legekontoret om dette.

Besøksordninga på Nordliheimen er justert i samsvar med den gjeldande smittesituasjonen. Dette kan endra seg raskt, sjekk gjerne med sjukeheimen før du dreg på besøk. Besøksreglar gjeldande per 5. februar finn du her:


Sist oppdatert: 05.02.2021
Publisert: 05.02.2021