HjemNyheter– Skaff borna plass på Sommerlab 2022

– Skaff borna plass på Sommerlab 2022

Også denne sommaren er det lagt opp til sommarskule på Årås skule, i regi av Forskerfabrikken, og med støtte av Austrheim kommune.

Dette året er det lagt opp til å ha tilbodet i veke 26, som er den første heile friveka etter skuleåret. Første dag er måndag 27. juni, siste dag fredag 1. juli. Kvar dag er det oppstart klokka 09.00, og avslutting klokka 15.00. 

Kommunen sponsar tilbodet, og eigendelen er sett til 1.250 kroner.

Påmeldinga ordnar du på nett, på denne lenka her: Forskerfabrikken (klikk her)

Kva lærer du?

For Austrheim som realfagskommune er det rett å støtta eit opplegg som dette. Årets kurs heiter «Vår magiske planet», og her vil skuleborna læra ved å forska på elektromagnetisme, kjemiske reaksjonar og fornybar energi.

Det blir kule eksperiment, samarbeid, og fysisk aktivitet både ute og inne. På sommarskulen får ein vera med på å bygga solkokar, utforska temperaturar og leita etter liv i ein jordprøve.

Fornya kursinnhald

Dei siste to åra kjørte Forskerfabrikken delvis det same kursinnhaldet, og Korona og smitteverntiltak påverka kursavviklinga. Til denne sommaren har dei utvikla eit nytt kurs, der innhaldet skal gje borna gode føresetnader for å lukkast med teknologi- og realfag.

Miljøspørsmål og berekraft er noko mange barn tenkjer på. Forskerfabrikken sin sommarskule gjev kunnskap om korleis naturvitskap og forsking kan løysa dei utfordringane som ligg i dette, og gjev framtidsoptimisme.

Aktivitetane er bygd rundt måla i fagfornyinga og FNs bærekraftmål.

Eksperiment

Kvar kursdag har eit overordna tema, som til dømes magnetisme eller vatn. I løpet av dagen er det morosame eksperiment og aktivitetar, som forklarer og viser korleis dette heng saman med livet på jorda.


Sist oppdatert: 12.05.2022
Publisert: 12.05.2022